Kulturkraft, Temaplan for kultur 2024-2032

Kunst og kultur er grunnleggjande for samfunnsutvikling, ytringsfridom og demokrati. Det utvida kulturomgrepet omfattar både kunst, idrett, frivillig engasjement og sosial aktivitet. Kulturkraft, Temaplan for kultur 2024-2036, viser korleis Voss herad vil utvikla eit mangfaldig kulturliv, med respekt for kunsten si frie rolle og med klare mål for framtida.

Kulturkraft, temaplan for kultur 2024-2036 

Elisabeth Emmerhoff

Kulturomgrepet har opp gjennom tida endra retning og karakter. Frå å vera avgrensa til kunstuttrykk til å gjelde all kreativ og sosial aktivitet. Det utvida kulturomgrepet omfamnar idrett, friluftsliv, fritidskultur og aktiviteten til frivillig lagsliv og kulturfrivilligheita. Dei siste åra er omgrepet igjen vore gjennom ei forvandling. I dag vert kultur plassert inn i eit felt av ytringskultur, samfunnsutvikling og demokratibygging.  

Hovudbodskapen i meldinga er at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og at eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati (Meld.st. 8 (2018-19)). 

Grunnleggjande er likevel at kunst og kultur er skapande kreativ kraft. Me må respektera og forstå den frie rolla kunsten og kulturen må ha for å kunna utvikla seg. Dette kan vera eit dilemma for den offentlege kulturpolitikken. Me investerer og satsar for å sikra politiske mål for samfunnsutviklinga, og all politikk er slik i sitt vesen instrumentell. Det er difor ein hårfin balanse mellom den frie kunsten og det politiske feltet. Politisk styrt kulturpolitikk må ha ein sentral plass i samfunnsutviklarrolla til kommunane, men med respekt og forståing for kulturen si frie og uavhengige rolle. 

Planen må lesast i samanheng med dokumentet Bakgrunn og kunnskapsgrunnlag til Temaplan for kultur, og sjåast saman med heile planverket til Voss herad. Kommuneplanen sin samfunnsdel, Kulturmiljøplan, Voss i Vekst, Strategisk næringsplan, Plan for tidleg innsats og livsmeistring og Klimaplan er med å leggja føringar for kulturlivet på Voss.   

Ein kommunal plan sitt føremål er å søkja å styra inn i framtida. Gjennom å analysera strøymingar og utfordringar i dag og kva rammer og føringar me arbeider under, kan me legga til rette for å ta kulturlivet og samfunnet i ei ynskt retning. Me vil peika på mål og ambisjonar, og gjera prioriteringar. 

Planen byggjer på Voss herad sine overordna målsettingar, og er knytt opp mot FN sine berekraftsmål. Det er skissert ut fem satsingsområde med kvar sine mål og strategiar. Som vedlegg til planen er det utarbeidd ein handlingsplan som skal rullerast jamleg. 

Planen er adminstrativt oppdatert våren 2026 for å kopla den til Kommuneplanens samfunnsdel som vart vedteke 5. februar 2026.