Highland-staupet

Pokalen er gjeven av Hr. Andrew Highland for utdeling til den idrettsmann eller kvinne som ved avslutta sesong har synt best prestasjonar på ski. Ved vurderinga av prestasjon i denne samanhengen skal det takast omsyn til den samla innsatsen som ligg til grunn for prestasjonen, og til særlege tilhøve då prestasjonene vart utført.

Les statuttane her (PDF, 55 kB).

Frist for å koma med framlegg til kandidat er 1. april.

  • Den som skal få namnet sitt på pokalen, må vera medlem i eit av idrettslaga i Voss herad
  • Gjennom utlysing skal det offentlege rom få høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar til Highland-staupet. Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort
  • Highland-staupet vert utdelt av Voss kommune ved utval for kultur og næring, men Voss Idrottsråd skal gje uttale i saka før utval for kultur og næring gjer vedtak. Utvalsleiar føretek sjølve utdelinga av Highland-staupet. 

Kontakt

Nils Helge Kvamme
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 27 02 61