Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Kommunalt kultur- og idrettsstipend

Kommunalt kultur- og idrettsstipend

Voss herad deler ut kommunalt stipend til einskildpersonar eller grupper innan kultur- og idrettsliv 

  • Stipend til lovande idrettsutøvarar eller idrettstrenarar
  • Stipend til lovande kunstnarar eller kulturinstruktørar

I retningslinjer for stipend heiter det: «Kommunalt kultur – og idrettsstipend kan delast ut til einskildpersonar/ grupper som er inne i ei verdifull etablerings- eller utviklingsfase der eit slikt stipend kan utgjera ein verdifull stimulans til vidare vokster/utvikling i kultur- og idrettslivet.»

Einskildpersonar/grupper kan sjølve søkja, eller lag/organisasjonar kan søkja om stipend for aktuelle kandidatar. Liste over søkjarar vert ikkje offentleggjort. Utval for Kultur og næring i Voss herad gjer vedtak om tildeling, etter framlegg frå Idrottsrådet/Kulturrådet.

Du kan søkja, eller komma med framlegg til kandidat til kultur- og idrettsstipend her: postmottak@voss.herad.no