Voss herad sin kulturpris skal heidra og stimulera det lokale kulturlivet. Prisen skal gå til nokon som har gjort ein framifrå innsats innanfor kunst eller kulturarbeid i Voss herad.
Heradsstyret 27.08.2020 vart følgjande retningslinjer godkjente:
Voss heradsstyre vedtek retningslinjene for kulturprisen i Voss herad slik:
1. Voss herad sin kulturpris skal heidra og stimulera det lokale kulturlivet. Prisen skal gå til nokon som har gjort ein framifrå innsats innanfor kunst eller kulturarbeid i Voss herad.
2. Kulturprisen kan delast ut til kunstnarar, kulturarbeidarar eller lag og organisasjonar med tilhald i kommunen eller anna tilknyting til Voss. Prisen kan eventuelt delast mellom fleire mottakarar.
3. Kulturprisen si utforming skal haldast uendra i periodar på minimum fem år. Utforminga kan elles endrast når Utval for kultur og næring finn det rett.
4. Forslag til kulturprismottakar skal vera skriftleg, grunngjeve og signert avsendar. Avsendar og føreslegne kandidatar er ikkje offentleg. Endeleg vedtak er offentleg.
5. Kulturprisen vert utdelt av Voss herad ved Utval for kultur og næring. Tildelinga av prisen vert gjort i samband med eit kulturarrangement, og leiar for Utval for kultur og næring føretek normalt sjølve prisutdelinga.
6. Kulturprisen skal lysast ut offentleg kvart år. Det er opp til Utval for kultur og næring å vedta om prisen skal delast ut.
Retningslinjene for Voss herad sin kulturpris blir vedteke av Voss heradsstyre etter tilråding frå Utval for kultur og næring.
Framlegg til kandidat kan sendast til: postmottak@voss.herad.no