Tverrfløyte

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning på tverrfløyte.

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 7 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

På tverrfløyte vil du få individuell undervisning med ein speletime i veka. Du vil også kunna få tilbod om å spela i grupper og i orkester/korps.

Det første året spelar dei fleste på fife, som er ei forenkla nybyrjarfløyte. Fifen har same munnstykke som tverrfløyta, men har opne hol i staden for klaffar slik som blokkfløyta.

Likar du å spela blokkfløyte vil du garantert lika å spela både fife og tverrfløyte.

Tverrfløyta er det høgast klingande instrumentet i treblåsefamilien. Ho består av tre delar; hodestykke, kropp og fot. I motsetnad til blokkfløyta held me dette instrumentet ut til sida, altså på tvers, og difor vart navnet tverrfløyte. Me får lyd i fløyta ved å blåsa luft mot den borterste kanten på blåseholet i hodestykket slik at lufta deler seg, og halvparten av lufta går ned i holet medan den andre halvparten går utanfor. Ulike tonehøgder får me ved å trykka ned forskjellige kombinasjonar av klaffane, og ved endringar i luftstraumen. Tverrfløyta har ein vakker og melodisk klang. 

Det vert forventa at elevar som lærer å spela eit orkesterinstrument også deltek i Kulturskulen sine junior- og rekrutteringsorkester.

Breiddetilbod.

Overordna mål for eleven:

- Oppleva meistringsglede

- Verta ein aktiv lyttar

- Delta i samhandling og aktivisering.

Læringsmål breiddetilbod:

  • Meistra basisferdigheiter.

  • Delta i samspel og sosialt fellesskap.

  • Læra gjennom leik, utforsking, eksperimentering og refleksjon.

  • Kjenna til grunnleggjande musikkfaglege omgrep.

  • Formidla musikk på ein relevant arena.

Spesielt for tverrfløyte: 

  • Bli kjent med fløyta og delane ho er sett saman av.

  • Spelestilling og kroppshaldning.

  • Få lyd i fløyta, i byrjinga berre på munnstykket.

  • Fokus på å spela sterke, klare og opne tonar.

  • Ansats og blåseteknikk.

Korleis me jobbar for å oppnå måla:

  • Gruppeundervisning.

  • Framføring i trygge rammer.

Forventningar til eleven:

  • Møter til timane, deltek aktivt og positivt.

  • Øver heime mellom timane.

  • Tek godt vare på instrumentet.

Forventningar til læraren: 

  • Godt forberedt til timane.

  • Gjev rette utfordringar.

  • Syrgjer for at eleven veit måla sine.

  • Syrgjer for at eleven opplever tryggleik og trivsel.

Vurdering:

  • Klare mål og evaluering undervegs.

  • Godt samarbeid elev-føresett-lærar.

Kjernetilbod.

Overordna mål for eleven:

  • Oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt.

  • Oppleve meistringsglede.

  • Utvikla evne til samarbeid og samspel.

  • Bli ein ressursperson som bidreg til eit levande kulturliv.

Nybegynnarstadiet på FIFE. (Tidsrom:  ½  - 1 ½ år):

  • Bli kjent med fife-fløyta og delane ho er sett saman av.

  • Spelestilling og kroppshaldning.

  • Få lyd i fløyta, i byrjinga berre på munnstykket.

  • Fokus på å spela sterke, klare og opne tonar.

  • Ansats og blåseteknikk.

  • Oppvarming og klangøving.

  • Dei enklaste noteverdiane og  pausane.

  • Korte og enkle melodiar som hovedsakleg vert spelte på gehør.

  • Notelinjene og G-nøkkelen.

  • Notane frå D1 til D2 innanfor C-dur skala.

  • Repetisjonsteikn.

  • Gode øvingsvanar. Foreldre er viktige støttespelarar her.

  • Innøvingsteknikk. (Korleis øva inn eit stykke.)

  • Avspenningsøvingar.

  • Gradvis innføring i å spela etter notar.

  • Spela saman med piano (eller ei anna fløyte) for å auka forståinga av rytme, takt og harmoni.

  • Pulsfølelse ved å spela mens ein går.

  • Øva opp gehøret ved å herma etter lærar.

  • Spela for andre og delta på konsertar.

  • Skildnaden på ansats og bindeboge (legato).


Innleiingsstadiet på tverrfløyte. (Tidsrom:  1 – 2 år.):

  • Bli kjent med tverrfløyta og delane ho utgjer.

  • Korleis ein best tek vare på fløyta. Pussing og førehandsreglar.

  • Lesa og spela notane frå D1 til A2.

  • Spela melodiar med eitt forteikn, ein # eller ein b.

  • Spela F-dur og G-dur skala utanåt.

  • Enkel artikulasjon.

  • Få eit godt utganspunkt for fingerteknikk, tungeteknikk, blåseteknikk og pusteteknikk.

  • Lesa enklare notar, rytmar og pausar. Læra hus 1 og hus 2 og Da capo al fine.

  • Takt og taktart: 4/4-, 3/4- og 2/4-takt.

  • Rytmeøvingar.

  • Improvisera.

  • Læra nokre utvalde melodiar utanåt.

  • Spela i ensemble, fortrinnsvis korps.        

    Mellomstadiet. (Tidsrom: 1 – 3 år.):

  • Lesa og spela notane frå C1 til G3.

  • Spela melodiar med opp til 4 b’ar og 3 kryss.

  • Spela og øva alle durskalaer med opp til 4 b’ar og 3 kryss utanåt.

  • Spela og øva treklangar og firklangar.

  • 6/8- og 9/8-takt. Alla breve.

  • Dal segno, Coda.

  • Avansert artikulasjon, blanding av bogar og ansats. Staccato og tenuto.

  • Øva opp ein god fingerteknikk og tungeteknikk (dobbeltunge).

  • Bli habil i notelesing og Prima Vista-lesing.

  • Bruk av diafragma for å ”støtta” klangen/tonen.

  • Øvingar med overtonar med tanke på 3. oktav.

  • Intonasjon.

  • Innføring i triller.

  • Innføring i styrkegrader.

  • Frasering.

  • Byrja med enkle etydar.

  • Transponera opp ein oktav.

    Høgare nivå. (Tidsrom: 3 – 5 år.):

  • Lesa og spela notane opp til C4.

  • Spela stykke med opp til 5 b’ar og 5 kryss.

  • Spela alle dur-skalaer utanåt + moll-skalaer med opp til 2 b’ar og 2 kryss utanåt.

  • Spela skalaer i tersgang. Treklangar og firklangar i omvending.

  • Heiltoneskala og kromatisk skala.

  • 12/8-takt. 5/8- og 7/8-takt (skeive taktartar.)

  • Mageansats (med diafragma) og fingeransats.

  • Få ein briljant fingerteknikk.

  • Trippeltunge.

  • Triller: Alle halvtonetrinns- og heiltonetrinnstriller.

  • Transponera ein tone opp eller ein tone ned.

  • Øvingar for ein god 1.oktav (djupn).

  • Øvingar for god fleksibilitet (store sprang).

  • Flattertunge.

  • Syngja samstundes som ein spelar (for å opna opp i halsen).

  • Læra om og spela i ulike stilartar.

  • Spela kammermusikk.

  • Interpretasjon.

  • Forslag og etterslag.

Spesielt for tverrfløyte: 

  • Bli kjent med tverrfløyta og delane ho utgjer.

  • Korleis ein best tek vare på fløyta. Pussing og førehandsreglar.

  • Spelestilling og kroppshaldning.

  • Innføring i skalaer og treklangar.

Korleis me arbeider for å oppnå måla:

  • Individuell undervisning.

  • God kommunikasjon med foreldre.

  • Konsertar og framføringar.

  • Klare mål.

  • Evaluering etter kvart undervisningsår.

  • Samarbeid med lokale korps og orkester.

Forventningar til eleven:

  • Godt forebudd til timane.

  • Systematisk heimearbeid.

  • Positivt til stades på timane.

  • Deltek på konsertar og arrangement.

Forventningar til læraren:

  • Godt førebudd til timane.

  • Gjev innføring i korleis ein øver.

  • Gjev rette utfordringar.

  • Syrgjer for at eleven veit måla sine, og når dei er nådd.

  • Syrgjer for tryggleik og trivsel.

  • Er eit forbilde for eleven.

Vurdering:

På venteliste:
1

Lærarar