Velkommen til Voss kulturskule

Me tilbyr undervisning i:

  • Ca. 20 song- og instrumentaldisiplinar
  • Biletkunst
  • Dans
  • Drama/teater
  • Musikktilbod for barn/unge med særskilde behov
  • Skapande skriving
  • Dirigentopplæring
  • Fordjupingsprogram

 

Kulturskolen on Vimeo                                             

Kulturskolen (arabisk) on Vimeo                                              

 

Elevplassar skuleåret 24/25 :   540

 

Brorparten  av undervisninga og administrasjonen held til i Voss kulturhus. Me har også noko undervisning på Granvin skule og på Vossestrand.

Skulen sel også dirigent-og instruktørtenester til kor/korps/orkester.

Voss kommune har distriktsmusikarordning som er knytta til kulturskulen. Samarbeidspartar er mellom anna Orkesteret Fossegrimen, Hordaland fylkeskommune og Den kulturelle skulesekken.

 

Prisar 2024 

Einskildelev 3965.-

Gruppeundervisning 2185.-

Dans 2925.-

Biletkunst 3490.-

Materialpenger biletkunst  670.-

Instrumentleige 535.- (Ein er sjølv erstatningsansvarleg ved eventuell skade på instrumentet)

 

Elevbetalinga vert krevd inn etterskotsvis, haust og vår. Faktura vert sendt til den føresette som gjer bestillinga.

Utmelding:  Ein betaler full semesteravgift det semesteret ein melder seg ut, og utmelding er kun gyldig når den er sendt på e-post til rektor: oddvar.nostdal@voss.herad.no 

Kulturskulen har ikkje søsken eller plassmoderasjon.

Det er mogeleg å søkje om friplass, dette kan du velga under søknadsprosessen. 

For skuleåret 2024/2025 er det 20 friplassar.

 

Er du tidlegare elev som skal melda deg på vidare, nyttar du knappen "Re-registrering", her på sida.

Om du er ny elev , melder du deg på under “Fagtilbod”