Serviceerklæring for Voss Kulturskule
1 Føremål
Voss kulturskulen tilbyr opplæring i kulturfag til born og unge i Voss herad.
Kulturskulen skal gje tilbod som er nyskapande og i takt med samtida samstundes som ein tek vare på dei lokale tradisjonane. Kulturskulen skal vere ein naturleg sosial og kulturfagleg møteplass.
2 Innhald i tenesta
Voss kulturskule tilbyr undervisning innan musikk, dans, teater, skapande skriving og visuell kunst med tilhøyrande framsyningsverksemd.
Noko av opplæringa vert gjeven som kortare kurs, «workshops» og prosjektbaserte produksjonar.
3 Undervisningsstad
Undervisninga er lagt til Voss kulturhus.
Undervisninga innan Korps i skulen blir halde ved den aktuelle skulen, og noko undervisning er lagt til Granvin barne- og ungdomsskule.
4 Kvalitetsmål
Voss kulturskule skal gje eit opplæringstilbod prega av kvalitet og variasjon tilpassa den einskilde eleven.
5 Dette kan du forvente av Voss kulturskule
Opplæringstilbodet skal vere prega av kvalitet og variasjon tilpassa den einskilde eleven.
Lærarane skal ha god kommunikasjon med heimane, og gir elevane opplæring av høg fagleg kvalitet. God informasjonsflyt skal sikre alle elevane tilpassa opplæring og gode opplevingar.
6 Dette forventar Voss kulturskule av deg og foreldra dine
Kulturskulen er først og fremst ein læringsarena som krev at elevane kjem godt førebudd til undervisninga, uansett disiplin.
Regelmessig og riktig førebuing og øving over tid gjev resultat og er ein føresetnad for at elevane finn den gode meistringskjensla. Dette gjeld uansett kva disiplin ein er elev på.
Me forventar at føresette les informasjon frå skulen og legg til rette for dagleg førebuing og øving. Ein må så tidleg som mogleg gje beskjed til lærar og rektor dersom du ikkje kan møte til time.
Me forventar at elevane stiller på konsertar og andre tilstellingar i regi av kulturskulen eller der kulturskulen deltek.
Me forventar at foreldra oppmuntrar barna til å øva og at det blir tilrettelagt for dette i heimen, og at de støttar og oppmuntrar elevane før framsyningar.
7 Praktiske opplysningar
Mesteparten av undervisninga til kulturskulen finn stad i Voss kulturhus. Noko undervisning blir halde ved Granvin barne- og ungdomsskule.
I kulturhuset har personalet undervisningsrom, og rektor har arbeidsstad i kontorlandskap saman med dei andre leiarane på huset.
Rektor kan treffast på telefon 40416204/e-post Vitjingsadresse: Voss kulturhus,
Evangervegen 6, 5704 Voss Postadresse: Voss kulturskule, postboks 145, 5701 Voss
Dokument – ID
Utarbeidd av: Avdeling for Kultur og fritid- Kulturskulen
Godkjend av/dato: Godkjend av fellesnemnda 14,12,2018
Revidert:
Neste revisjon:
Saksnummer i 360 online: 21/18