FritidsfondetSom ein del av prosjektet Bygd for alle har Voss herad oppretta prøvetiltaket Fritidsfondet. Fritidsfondet er ei økonomisk støtteordning som skal bidra til at barn og unge i låginntektsfamiliar får moglegheit til å delta i minst ein fritidsaktivitet uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon. Tiltaket er finansiert gjennom midlar frå Voss Sparebank og skal evaluerast i august 2023. Sist endra 03.04.2023 11.37 Fritidsfondet har som føremål å gi barn og unge moglegheit til å delta i ein organiserte fritidsaktivitet. Målgruppa er barn og unge i alderen 6-18 år, folkeregistret i Voss herad, som veks opp i familie med svak økonomi. Det er ikkje eit krav at familien skal vera i låginntektsgruppa. Ordninga kan ikkje koplast med andre støtteordningar. Det er viktig at alle som skal søkja les Informasjon og retningslinjer for Fritidsfondet. Det er lurt å sjå gjennom Førehandsvisning av søknadsskjema før ein startar å fylle ut skjemaet. Informasjon og retningslinjer for Fritidsfondet (PDF, 44 kB) Søknadsskjema, Fritidsfondet Handsaming av personopplysningar i Fritidsfondet (PDF, 34 kB) Tabell med låginntektsgrenser Førehandsvisning av søknadsskjema (PDF, 142 kB)