Redusert pris på sesongkort i Voss Resort
Voss Resort ynskjer å bidra til at fleire kan få moglegheit til å oppleva skiglede og auka meistringskjensle.
Voss Resort tilbyr barn og ungdom (7-19 år) frå familiar med samla inntekt under 550.000,- sesongkort til kr. 2.590,-. Tilbodet gjeld for barn og ungdom som er folkeregistrert og bur i Voss herad.
Sist endra 10.01.2025 09.36
Årsinntekt for hustand må dokumenterast med vedlagt skattemelding eller siste lønnsslip.
Def. på ein husstand: Ein husstand er dei menneska som bur saman i ein bustad. Ei hushaldning kan og bestå av ein person som bur for seg sjølv.
Fulltidsstudentar på vaksenopplæringa i Voss herad får sesongkort til studentpris kr. 2760. Gyldig elevkort må framvisast ved kjøp.
For meir informasjon om kjøp av kort til redusert pris, kontakt Voss Resort Fjellheisar pr mail: anna@vossresort.no