Utlån av idrettsanlegg/ gymsalar

Skuleåret 2024/2025 var det felles søknadsskjema, søknadsfrist og søknadshandsaming for alle som ynskte leiga fast tid i hall/gymsal for skuleåret 2024/2025 i Voss idrettshall, Vossabadet, Voss gymnas, Voss vidaregåande skule, Voss ungdomsskule og Vangen skule. 

Ynskjer du å tinga tid i hall/gymsal i løpet av året, ta direkte kontakt med utleigar.

Heradsstyre vedtok i sak 116/23 eit prøveprosjekt i to år på gratis utleige av kommunale bygg og idrettsanlegg  for frivillige lag- og organisasjonar som tilbyr fast organisert kvardagsaktivitet for barn og unge i aldersgruppa 0-19 år. Inntektsgivande arrangement, kurs, kampar, cupar, helgearrangement eller liknande kjem ikkje inn under ordninga, det same gjeld utleige til privatpersonar og kommersielle aktørar.  

Frå skuleåret 2024/2025 er det felles søknadsskjema, søknadsfrist og koordinering av tildeling av tid i idrettshallar/gymsal for Voss idrettshall, Vossabadet, Voss gymnas, Voss vidaregåande skule, Voss ungdomsskule og Vangen skule.

Søknadsfrist for skuleåret 2024/2025 var 20.mai.

For leige i samband med større arrangement, ta direkte kontakt med utleigar for tilgjengelegheit og leige.

Kommunale skular som ikkje er med i ordninga vil forsetja som tidlegare, dvs. ta kontakt med skulen

idrettshallen 

Vossabadet

Voss gymnas

Voss vidaregåande 

For lån av sentralidrettsanlegget (grasbanane og friidrettsbana) ta kontakt med nils.f.kvamme@voss.herad.no.

Kontakt

Nils Helge Kvamme
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 27 02 61