Årsrapport 2022

Hovudaktivitetar

 2022

Prøve ut praktiske metodar og verktøy for måling av jord

Direktesåing (av kløver) med ulike såmaskiner i etablert eng. 11 brukarar har sådd. Totalt 100-150 daa.

Prøve ut praktiske tiltak i  grovfôrdyrkinga

To forsøksfelt vidareført frå 2021.Felta har fått tilført tilsvarande som i 2021 med til dømes ekstra bor. Hausta 1. og 2. slått. Tørkeprøvar sendt Ofotlab for analyse

Informasjons- og motivasjons-møte

Ikkje eigne møte med info om prosjektet og karbon vert formidla på markdagar, andre arrangement og i prat med brukarar.

Pilotbruk- og demofelt

Demofeltet med ulike arter av gras og belgvekstar ligg framleis på Voss vidaregåande

 

Ulike frøblandingar med artar med djupt rotsystem og belgvekstar vart sådd i storskala felt hjå Ole Draugsvoll i 2021. Det er sådd ma frøblanding med strandsvingel og luserne.

Vestlandsblanding utan hundegras og frøblanding med luserne vart også sådd på større areal hjå Olav Rio Holstad.

I 2021  sådde (to Anders Tøn og Lars Istad) luserne (ferdig smitta) i saman med vanleg frøblanding. Dei same gjorde også dette i 2022.

 

Synfaring på storskalafelta (18.05.) sådde i fjor, viser bra tilslag på luserne på det

vårsådde feltet. Felt sådd i byrjinga av august med frøblanding innehaldande luserne

ser ikkje særleg lovande ut med tanke på tilslag av luserne. Frøblanding med

strandsvingel og Vestlandsblanding utan hundegras ser bra ut begge stader.

Direktesådd eit felt med luserne i gamal eng i april.

 

Det er grave ned truser på eine gjentaket på feltet på Tøn og Een Granvin. Dei er også gravne opp. Bedømt ut frå tilstanden til trusene etter 3-4 månader i jorda er det liten biologisk aktivitet, men det samsvarar ikkje med analyseresultat frå Mikroliv.

 

Det er teke ut jordprøvar for analyse for biologisk aktivitet på feltet på Tøn og Een og 5 andre stader der det tidlegare er vurdert biologisk aktivitet.

 

Open gard arrangement med tema jord

2. oktober på Voss vgs. Deltok på stand

 

Ta eit spatak – jordvurdering  - lokale markdagar nettverksbygging

Markdagar: grovfôr, karbon, belgvekstar 2. juni hjå Arvid Løne og 16. juni hjå Ole Draugsvoll

Markvandring 25. oktober: direktesådd kløver, jordhelse mm.  hjå Jørn Styve og Arnfinn Gjerdåker.

Fagseminar om karbon i jord, jordstruktur og jordhelse

Teamsmøte 2. februar. Tema:Karbonlagring i jord og belgvekstar – kva er mogleg på

Vestlandet v/Ievina Sturite, NIBIO. 60 deltakarar.

Teamsmøte 21. mars. Tema: Heilskapleg forvalting av ressursane på garden v/Anders

Kopstad Lerberg. 45 deltakarar.

Det var også planlagt eit teamsmøte om biokol, med innleiar frå Vestforsk og

gardbrukar. På grunn av m.a. misforståing vart dette møtet utsett.

Kunnskap på digitale media og formidling

Det vert lagt ut aktuelle saker med jamne mellomrom på facebook.

Innlegg om karbon mm på samling vedkomande klimakalkulatoren på Voss (8.10.)

Innlegg om karbonprosjektet på kursveka (landsamling i NLR) 15.11.

Studietur

Det vart lagt opp til studietur 24.-25. august med minibuss frå Voss via Kvanndal Odda og Sauda med besøk hjå bonde med vestlandsraudkolle og målrett beiting mm. Vidare sørover til Kolbjørn Anda på Randaberg med økologisk mjølkeproduksjon og mellom anna  overflatekompostering. Turen nordover vart lagt via Avaldsnes og Tor Arne Utvik som har drive med målretta beiting lenge med ammeku a beiting av kystlynghei med bruk av Nofence. Siste besøket på mangsysleriet hjå Martin  Aschlimann i Vindafjord. Få påmelde utsett/avlyst.

Administrasjon

Tinging av frø, møte, kompetansebygging mm.

Statusmøter

28. jan. på Tinghuset

Styringsgruppemøte

Tema: Resultat og mål. Evt. justering av plan, forlenging av prosjektperiode

21. februar på Tinghuset. Møte i prosjektgruppa

Referansegruppa