Spreiing av husdyrgjødsel i Voss

  • Husdyrgjødsel er viktig plantenæring og skal spreiast i vekstsesongen. 
  • Gjødsla skal som hovudregel vere spreidd innan 1.september  
  • Lokal forskrift i Voss opnar for spreiing fram til 1.oktober i område med god miljøstatus for vassdraga og egna klimatiske tilhøve, jf vann-nett. 

Lokal forskrift for spreiing av husdyrgjødsel for Voss

Husdyrgjødsel skal nyttast i vekstsesongen på areal der ein skal hauste avling etter spreiinga. Nasjonalt gjeld 1.september som frist for spreiing av husdyrgjødsel. Gjødsling i vekstsesongen er lønnsamt og bidrar til god utnytting av næringsemne, betrer økonomien og hindrer avrenning til vatn og vassdrag.

Voss herad har lokal forskrift som gjev høve til spreiing fram til 1.oktober, der vassdrag areala drenerer til er registrert som med god miljøstatus og har egna klimatilhøve (vekstsesongen ikkje er avslutta). 

Vassdrag registrert i Vann-nett som "middels" eller i "stor grad" påverka av jordbruk har 1.september  som siste frist for spreiing. I desse områda er det heller ikkje høve til å pløye ned gjødsel etter 1.september. 

Område med redusert vasskvalitet

  • Dyrvedalen,
  • Bordalen
  • Opelandstjørna
  • Granvinsvassdraget

Område med uegna klimatiske tilhøve

  • Jordalen 
  • Myrkdalen 

Område som ikkje bør gjødslast etter 1.september av omsyn til naturverdiar:

  • Storelva Granvin (Nesheimsdeltaet)

Ved spreiing av husdyrgjødsel etter 1.september gjeld

  • maksimalt tilførsel 2 m3 gjødsel per dekar
  • At ein mot vatn, elv, bekkar, kanalar og opne kummar set att ei sone på minst 6 meter som ikkje vert gjødsla

Ved lagring, uttransport og spreiing, skal det utvisast aktsemd når det gjeld vêrtilhøve, jordsmonn og flaumrisiko.

Det er høve til å søke om løyve til spreiing av gjødsel 

I søknaden skal du oppgje:

  • Kvifor du treng å gjødsle utanfor vilkåra
  • Mengde gjødsel som skal spreiast 
  • Kart som syner kvar gjødselen skal spreiast
  • Opplysningar om mengde per dekar
  • Tidlegare gjødsling
  • Eventuelle andre tilhøve av betyding

Send søknad på e-post

Lovverk

Krav til gjødselplan
Forskrifter og lovar kring husdyrgjødsel

Generelt om spreiing av husdyrgjødsel