Feiing og tilsyn

Her finn du informasjon om feiing og tilsyn av fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader.

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg vert utført i samsvar med § 17 i forskrift om brannforebygging. 

§17 i forskrift om brannforebygging

 

Kontroll og vedlikehald av fyringsanlegg er omhandla i § 6 i forskrift om brannforebygging. 

§6 i forskrift om brannforebygging

 

Voss herad nyttar SMS ved varsling av feiing og tilsyn. Det er kontaktopplysningar i kontakt og reservasjonsregisteret som vert nytta. Her kan du logga inn for å sjekka kva som er registrert på deg og oppdatera kontaktinformasjonen din:

Kontakt- og reservasjonsregisteret

 

Fyrer du riktig, reduserer du brannfaren, sparar miljøet og får meir varme. Følg desse gode råda for trygg fyring: 

Vest brann- og redningsregion - slik fyrer du riktig

 

Første oppgåve etter feiing er å tøma sotluka:

Unngå brann, tøm sotluka!

Kontakt

Feiar - Voss Brannvern
E-post
Telefon 56 51 94 00

Adresse

Postboks 145, 5701 Voss

Kontortid

08.00-15:30