Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Bruksendring

Bruksendring

Bruksendring er å ta eit areal eller bygning på eigedomen din i bruk til noko anna enn kva det er godkjent til. Bruksendring er søknadspliktig.

Dersom du ynskjer å bruka arealet til noko anna enn det er regulert til, må du også søkja om dispensasjon frå reguleringsplanen. Dette kan til dømes vera bruksendring frå bustadføremål til næring, at du ynskjer å starta familiebarnehage med 6-10 born (inntil 5 born er friteke frå søknadsplikt) o.l.

Å bruka sjølve bygningen til noko anna kan også vera aktuelt, til dømes at du ynskjer å bruka bod/kjellar til varig opphald, ynskjer å etablera eit nytt sekundærhusvære e.l.

Følgjande kan du søkje om sjølv:

Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor éi brukseining, til dømes at du ynskjer å innreia kjellaren din til bustad, jf. byggesaksforskrifta § 3-1.

Følgjande krev søknad frå kvalifisert føretak:

Ynskjer du bruksendring for alt anna enn det som står ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Dette gjeld til dømes:

  • Etablering av fleire bueiningar eller husvære
  • Når byggverket vert teke i bruk eller vert tilrettelagt for anna enn det som fylgjer av løyve eller regulering, til dømes at bustad vert teke i bruk til næring

Lista er ikkje uttømmande.

Arealplan – kva for avgrensingar gjeld på min eigedom?

Det vil vera avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan byggja. Dette vil typisk vera byggjegrenser, avgrensing i storleik, høgd, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.

Du får reguleringskart og føresegner via planarkivet eller ved å ta kontakt med byggesak.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 56 51 94 00

 

Publikumsdag

tysdag og torsdag kl 09.00-15.00
drop in eller tlf 48 01 45 84

Unntak frå dette vert lyst i Hordaland og/eller under kunngjeringar på nettsida.