Bod, uthus eller drivhus

Følgjande kan du gjere utan søknad

  • Uthus og boder opp til 50 m2 bebygd areal (BYA) eller bruksareal (BRA), og som har maks mønehøgd 4,0 meter og gesimshøgd 3,0 meter (til ferdig planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen) kan vera unntatt søknad. For nærmare detaljer syner me til byggesaksforskrifta (SAK 10) § 4-1, og spesielt til Direktoratet sine sin informasjon om garasjer, boder og uthus og deira interaktive veileder.

    Sjølv om du ikkje må søke kommunen, er du likevel ansvarleg for at bygningen utformast i tråd med alt regelverk. Du finn meir informasjon om dette på informasjonssida for tiltak som ikkje krev søknad.

Følgjande kan du søkje om sjølv

Dersom du kan sei ja til alle disse punkta, så kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkja kommunen sjølv, jf. byggesaksforskrifta § 3-1:

  • Éin enkelt frittliggjande bygning
  • Eigendommen er bebygd frå før
  • Bygningen skal ikkje nyttast til varig opphald
  • Bygningen er i éin etasje, eventuelt også underbygd med kjellar
  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 m2

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Følgjande krev kvalifisert føretak

Må du sei nei på nokon av punkta ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Arealplan – kva for vilkår gjeld på min eigedom?

Det vil ofte vera reglar i kommune- eller reguleringsplan for kva du kan byggja. Dette vil typisk vera byggegrenser, føresegn om storleik, høgd, takvinkel o.l. Pass på at tiltaket er innanfor desse reglane før du går i gang med planlegginga.

Du finn reguleringskart og føresegner via planarkivet eller ved å ta kontakt med byggesak. Dersom du skal byggja utover det arealplanane seier, må du søkja om dispensasjon.

Plassering av bygningen

Frittliggjande bod/uthus under 50 m2 i éin etasje vert normalt godkjent inntil 1 meter frå nabogrensa, så framt reguleringsplan eller byggegrensar mot kommunale ledningar, veg, jernbane eller høgspent ikkje seier noko anna.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/veiledning :

Du kan bestille tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.