Deling av eigedom

Ønskjer du å dela eigedomen din (skilja ut tomt), må du søkja om oppretting av ny grunneigedom. Ved oppretting av ny grunneigedom blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.

Oppretting av ny grunneigedom føreset to tenester/prosessar

  • Løyve til oppretting av ny grunneigedom (deling)
  • Oppmålingsforretning (grensepunkta blir merka, nye grenser registrert i eigedomsregisteret og nytt bruksnummer tinglyst)

Du kan tinga begge tenestene samstundes, eller tinga dei kvar for seg. Berre deling treng nabovarsel.

Dersom søknaden avvik frå kommune- eller reguleringsplan må du også søkja om dispensasjon, eventuelt planendring.

Slik søkjer du om oppretting av ny grunneigedom

  1. Ting naboliste frå kommunen.
  2. Send ut nabovarsel basert på lista frå kommunen. Du kan bruka nabovarslingspapira frå Dibk, skjema 5154, 5154 og 5155. Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga du sender til kommunen.
  3. Send søknadskjema 5153 og rekvisisjon av oppmålingsforretning til kommunen med vedlegg:
    • Kart som viser ynskt grense
    • Gjenpart m/kvittering for nabovarsel

Skjema

Naboliste - nabovarsling - søknadsskjema - rekvisisjon av oppmålingsforretning

Sakshandsamingstid

Sakshandsamingstid for delingssaker er inntil 12 veker frå søknaden er komplett. Dette føreset at søknaden er i samsvar med gjeldande reguleringsplan.

Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/veiledning :

Du kan bestille tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.