Støttemur

Murar er i utgangspunktet søknadspliktig, men følgjande kan du gjere utan søknad:

  • Støttemur med høgd inntil 1 m og avstand minst 1 m frå nabogrense
  • Støttemur med høgd inntil 1,5 m og avstand minst 4 m frå nabogrense
  • Støttemur mot veg med høgd inntil 0,5 m

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket fylgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Følgjande krev søknad frå kvalifisert føretak:

Kjem ikkje støttemuren din inn under nokre av alternativa ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen. Meir detaljer om kva type murar du kan byggja sjølv finn du i byggesaksforskrifta § 4-1.

Sikring og estetikk:

Det kan være nødvendig å montera sikringstiltak som gjerde eller annan innretning på topp av forstøtningsmur for å hindra fallulukker, jf. byggteknisk forskrift § 10-1.

I utforminga og plasseringa skal det takast estetiske omsyn slik at muren i tillegg til å vera funksjonell og trygg også gjev eit tiltalande preg på eigedomen jf. plan- og bygningslova §§ 29-1 og 29-2.

Bygging av støttemur over kablar:

Dersom forstøtningsmuren skal byggjast over leidningar, må det innhentast løyve frå eigar av anlegget. Der kommunen eig leidningane, som til døme vass- og kloakkledningar i veg, kontaktar ein driftsavdelinga.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/veiledning :

Du kan bestille tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.