Våtrom

Fylgjande kan du gjera utan søknad

  • Ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining
  • Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining
  • Bygging av våtrom i nytt tilbygg der verken samla bruksareal eller bebygd areal for tilbygget er over 50 m2, og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseining
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike brukseiningar (til dømes i blokker) så lenge arbeidet ikkje rører brannskilje mellom brukseiningane

Fylgjande krev kvalifisert føretak

  • Arbeidet bryt skilje mot anna brukseining (brannskilje, lydskilje)
  • Bygging av våtrom i nybygg fylgjer søknadsplikta for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarlege føretak for nybygget
  • Våtrom i nytt tilbygg over 50 m2 fylgjer også søknadsplikta med krav til ansvarlege føretak. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld sjølvbyggjarreglane

Kontakt

Byggesak
Telefon 48 01 45 84

 

Bestilling av tid for møte/rettleiing :

Du kan bestilla tid på tlf tysdag og torsdag kl 10.00-14.00, eller på epost.