Kommuneplanens samfunnsdel på høyring

Voss herad har lagt ut kommuneplanen sin samfunnsdel på høyring. Me ynskjer innspel frå alle om korleis heradet skal utvikla seg i åra som kjem.

Kommuneplanen set overordna mål for utvikling av Voss herad som samfunn og som organisasjon, og legg grunnlaget for all planlegging i kommunen.

Kommuneplanen består av to hovuddelar. Samfunnsdelen skildrar kommunen sine langsiktige mål, og syner kva retning me vil at Voss herad skal utvikla seg i. 

Samfunnsdelen inneheld også ein arealstrategi. Arealstrategien er koplinga mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel, og skal sikra at føringane som vert lagt i samfunnsdelen gjeld for arealutviklinga.

Arealdelen tek utgangspunkt i føringane lagt i samfunnsdelen, og syner korleis arealbruken i heradet skal fylgja opp måla me har sett oss. 

Her finn du framlegget til planen: Kommuneplanen sin samfunnsdel

Fristen for å koma med innspel er sett til 27. november 2025. Innspel kan du senda til postmottak@voss.herad.no

Det vert folkemøte om både kommuneplanen sin samfunnsdel og framlegg til ny barnehage- og skulestruktur.

  •  Onsdag 29. oktober: Granvin barne og ungdomsskue kl 18-20
  • Torsdag 30. oktober: Evanger skule kl 18-20
  • Tysdag 11. november: Vossestrand barne- og ungdomsskule kl 18-20
  • Onsdag 12. november: Voss ungdomsskule kl 18-20