Kunngjering av plansak:

Detaljreguleringsplan for brannstasjon og bustader på Tvildemoen- Plan til høyring og offentleg ettersyn med høyringsfrist 23.12.2023   

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 vedtok rådmannen i delegert vedtak 498/23, å leggja detaljreguleringsplan for brannstasjon og bustader på Tvildemoen ut til høyring og offentleg ettersyn.  Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg innan fristen til Voss herad, postboks 145, 5701 Voss, eller på e-post : postmottak@voss.herad.no  Dokument i plansaka er tilgjengeleg på Voss herad si heimeside;            https://voss.herad.no/tenester/plan-bygg-og-eigedom/  Gå inn på planregister og søk på planident 2023001.