Kunngjering plansaker:

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID E16 SLÆN - HAUGSVIK. UTBETRING FOR FORSTERKA VEGOPPMERKING - planid 2023002

Statens vegvesen skal i samarbeid med Voss herad i gang med å lage detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet. Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga. Ein ynskjer å utvide eksisterande veg til 8,5 meter for å etablere forsterka vegoppmerking. Tiltaket medfører naudsynt langsgåande utviding på om lag 1-2 meter på sørsida av eksisterande E16, over om lag 1,4 km. Planområdet ligg 1 km aust for Oppheimsvatnet i Voss herad og er ca. 65 daa stort.

Planen vert utarbeidd etter §§ 12-3, 12-8 og 3-7. Forslagsstillar og planleggjar er Statens vegvesen.

Representantar frå Statens vegvesen vil vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål og gje informasjon om prosjektet.

Stad: Ungdomshuset Haugatun, Haugsvikvegen 23 Tid: 8.mai 2023 mellom kl. 14:30 -16:30.

Innspel og merknadar til planarbeidet må sendast innan 4. juni 2023 til:

Statens vegvesen Pb. 1010 Nordre Ål 2605 LILLEHAMMER eller firmapost@vegvesen.no

Meir informasjon finn de i varslingsbrev inkludert varslingskart (PDF, 2 MB) og KU-vurdering  (PDF, 54 kB)