I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 varslar Vestland fylkeskommune om oppstart av detaljreguleringsplan for fv. 5402 Ringheimsvegen. Formålet med planarbeidet er å byggje om lag 600 m fortau langs Ringheimsvegen, frå krysset til Rognstunet til krysset med Hjellane. Målet med prosjektet er betre trafikktryggleik og å leggja betre til rette for mjuke trafikantar i Ringheimsvegen.
Varsel om oppstart (PDF, 320 kB)
Innspel til planarbeidet kan sendast som e-post til Post@vlfk.no eller som brev til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, Bergen. De kan og komma med innspel via digital innbyggjardialog.
Frist for innspel er 15.06.23.
Sist endra 30.05.2023 10.55