Midlar til flaumførebyggjande eller skadereduserande tiltak

Voss herad lyser ut 1 million kroner til tiltak for å førebyggja og redusera flaumskadar. Stønadsordninga er retta mot eigedommar og bygg som er særskilt utsett for skadeflaum og/eller som ligg i aktsemdsområdet for flaum

Tilskot frå fondet har fylgjande øvre ramme:  
Private: 50 000,- 
Verksemder, frivillige lag og organisasjonar: 200 000,- 

  • 50 % av midlane er øyremerka private hushaldingar  

  • Hushaldingar som har ei samla inntekt som er lågare enn 750 000,- kr per år vil bli prioritert 

Eksempel på tiltak ein kan få stønad til er

  • Flaum og erosjonssikring
  • Montering av tilbakeslagsventil
  • Innkjøp av lensepumpe
  • Kjøp og installering av luftavfuktar i særskilt utsette flaumområder (innanfor flaumsone Evanger eller Voss)

Søknadsfristen er 1. november 2023. 
Les meir om kva ein kan søkja om i retningslinene for tilskotsordninga (PDF, 128 kB)

Lenke til søknadsskjema