Områdereguleringsplan for Voss hyttegrend – varsel om endring av reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova §§12-8 og 12-14 vert det varsla om reguleringsendring av gjeldande reguleringsplan for Voss Hyttegrend, planID: 12352015001 i Voss Herad.

Det er Multiconsult som varslar om endringa på vegne av tiltakshavar Voss hyttegrend.

Endring av gjeldande reguleringsplan omfattar delområda Vikeshagen, Himlesdalen og Oldesåsen.

Reguleringsendringa omfattar i hovudsak:
- Endra løysing for renovasjon
- Opparbeidde trasear for skiløyper
- Omsøkt og bygde skibruer
- Opparbeidd parkeringsareal til Herresåsen
- Omsøkt og bygd høgdebasseng i Himlesdalen
- Omsøkt og opparbeidde tilkomstar til hyttetomter
- Opne for etablering av sti i Vikeshagen

Saman med varslingsbrev ligg det føre plandokument frå gjeldande plan og forslag til endring. Eit papireksemplar av planforslaget er tilgjengeleg i Servicetorget på Voss tinghus.

Innspel og merknader til planarbeidet må sendast skriftleg innan 19.august 2022 til:

Multiconsult, Nesttunbrekka 99, 5221 NESTTUN, eller på e-post til Toril Amundsen: toril.amundsen@multiconsult.no

 

Meir informasjon finn de i varslingsbrev og plandokument sjå under.

**************************************************************************************************

Vedlagt ligg fylgjande vedlegg: 

Trykk for å lesa Føresegner (PDF, 282 kB)
Trykk for å lesa Planskildring Reguleringsendring Voss Hyttegrend (PDF, 8 MB).
Trykk for å lesa Revidert reguleringsplan (PDF, 4 MB).
Trykk for å lesa Revidert reguleringsplan (med liner frå gjeldande plan) (PDF, 4 MB).  
Trykk for å lesa Varslingsannonse (Avisa Hordaland) (PDF, 203 kB)
Trykk for å lesa Varslingsbrev reguleringsendring Voss Hyttegrend (PDF, 207 kB)