Personar over 65 år er tilrådd 4 dose med koronavaksine

Personar over 65 år eller eldre vert tilrådd ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine.

Dei som har gjennomgått koronainfeksjon vert også tilrådd å ta oppfriskingsdose. Sjukeheimsbebuarar og personar over 75 år vert prioriterte fyrst. Sjukeheimsbebuarar får tilbodet der dei bur.

Ein vil ikkje lengre få innkalling til koronavaksinasjon. Ynskjer du å ta koronavaksine kan du tinge time gjennom Voss herad si heimeside eller kontakte koronatelefonen 900 89 662 (månd-fred kl 9-12).
 

Apotek 1 i Vangsgata vaksinerar fredagar kl. 9-15, telefon: 565 30 440

Vitusapotek Vossevangen vaksinerar tysdagar kl. 9-15, telefon: 565 30 777