Høyringsutkastet finn du her (PDF, 515 kB)
Høyringsfrist er satt til 23. oktober 2024.
Innspel til høyringsutkastet kan sendast til postmottak@voss.herad.no
Merk då svaret med: “Høyringsinnspel til Planprogram, revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og areldel”.
Har du spørsmål, ta kontakt med spesialrådgjevar Gunnhild Utkvitne på e-post: gunnhild.utkvitne@voss.herad.no
I samband med handsaming av høyringsutkast Planprogram for revisjon av kommuneplanen peika Voss formannskap i møtet den 5. september 2024 på fylgjande:
Voss herad står overfor ei stor og viktig oppgåve når kommuneplanen skal rullerast i lys av nye miljø- og klimakrav og norsk matberedskap. I tråd med dette legg formannskapet til grunn at:
- Me i vidare arbeid skal prioritere jordvern og vere open for nydyrking for å legge til rette for jordbruket i heradet og vere ein bidragsytar i den nasjonale matberedskapen. Det må gjerast ei ny vurdering av jordbruksland i sentrumsområde for å unngå omdisponering av matjord.
- At det skal vera eit førande prinsipp i arbeidet med kommuneplanen er at ein så langt som råd skal tilbakeføra ubygde hytteområde som ligg i intakte, verdifulle og urørte naturområde, til LNF.
- At me i arbeidet med å definera arealnøytralitet sikrar gode verktøy for å føra arealrekneskap.
- At det jobbast med å finne areal til motorsportsaktivitet.
Innspela frå møtet i Voss formannskap den 5. september 2024 vil verta innarbeida i utforming av endeleg versjon av Planprogram for revisjon av kommuneplanen.