Høyringsinnspel kan sendast innan 8.mai 2026 til: postmottak@voss.herad.no
Planen finn du her:
Temaplan avløp og vassmiljø
Planen er utarbeid i planverktøyet Framsikt. Administrasjonen har utarbeid kunnskapsgrunnlaget. Føremålet med temaplanen er å sikre ei heilskapleg, berekraftig og framtidsretta forvaltning av avløp og vassmiljøet i Voss herad. Temaplanen skal gi oversikt over dagens tilstand, identifisere behov for tiltak og vere eit styringsverktøy for å oppfylle krav i regelverk og utsleppsløyver.
Hovudmål er henta i kommuneplanen sin samfunnsdel:
- Mål 1: Voss er ein attraktiv stad å bu, besøkja og driva næring, der kulturkrafta fremjar både vekst og vern.
- Mål 3: i Voss kuttar me klimagassutsleppa og tek vare på naturen for framtidige generasjonar
- Mål 4: i Voss er me budd på å handtera større uynskte hendingar
- Mål 5: Voss herad er ein berekraftig kommuneorganisasjon, økonomisk robust med tenester på rett nivå
Ut frå desse føringane skal temaplanen for avløp og vassmiljø medverka til:
- å sikre god vasskvalitet i vassdrag og redusert ureining
- å styrkje klimaomsyn og klimatilpassing i avløpssektoren
- å sørgje for robust infrastruktur og meir førebyggjande arbeid
- å gje eit kunnskapsgrunnlag for politiske prioriteringar, arealbruk og investeringar
Jakob Håheim