Utviding av fastlegeheimlar i Voss herad

Voss herad ynskjer å styrke fastlegetenesta ved å legge til rette for etablering av to nye næringsdrivne fastlegeheimlar. I samband med dette tilbyr kommunen eit økonomisk tilskot til ombygging eller tilpassing av lokale slik at heimlane kan etablerast.

Tilskotet skal bidra til å sikre stabil tilgang på fastlegetenester for innbyggjarane, og legge til rette for rekruttering av nye fastlegar.

Kven kan søkje?

  • Eksisterande fastlegekontor i Voss herad
  • Nye aktørar som ynskjer å etablere fastlegepraksis i kommunen

Kriterium for tildeling

  • Lokala må ligge innanfor kommunegrensa til Voss herad
  • Det skal etablerast to nye private fastlegeheimlar, men lokala må kunne romme tre fastlegeheimlar samla sett
  • Tiltaket må vere ferdig gjennomført innan 30.06.2026
  • Søkjar må dokumentere erfaring med, og plan for drift av fastlegepraksis.
  • Det forutsettes at søkjer  er spesialist i allmennmedisin. 
  • Der er ein fordel med kjennskap til Voss herad. 

Tilskotsramme er på inntil kr 2,7 millionar totalt

Korleis søkje

Send søknad med dokumentasjon på:

  • Skildring av lokala og plan for tilpassing/ombygging
  • Kostnadsoverslag
  • Framdriftsplan
  • Kort presentasjon av søkjar (erfaring som fastlege og erfaring drift av legekontor) 

Søknaden merkes "Nytt fastlegekontor" og sendast til postmottak@voss.herad.no innan 7. november. 

Alle søknadar vil bli vurdert etter dei oppgitte kriteria.