Føremålet med endringa av reguleringsplanen er å legga til rette for utviding av eksisterande service-/verkstadhall. Det er behov for meir lagerplass og vedlikehaldsverkstad for utstyr som vert nytta i alpinanlegget. Endringa går vidare ut på å rydda i buss- og parkeringsareal, ta ut noko næringsareal som erstattast med grøntstruktur og endra føremål på tomt 55/83 frå fritidsbustad/næring til fritidsbustad.
Innspel og merknadar til planarbeidet må sendast innan 27.oktober 2025 til:
HLM Arkitektur AS, C.Sundts gate 1, 5004 Bergen
eller på e-post til: hlm@hlm.no
Spørsmål til planarbeidet kan rettast til HLM Arkitektur v/Svein Øvsthus, e-post: ovsthus@hlm.no
Videre saksgang
Etter at forslag til endring har vore på høyring vil innkomne merknader gjennomgåast og kommenterast, før det blir sendt over til Voss herad for behandling. Dersom det ikkje kjem fram vesentlege merknader / innvendingar til endringsforslaget, vil saka behandlast etter forenkla prosess, jf. PBL §12-14. Det betyr at endringsforslaget ikkje blir lagt ut på ny høyring før endeleg vedtak.
Meir info og dokument i plansaka er tilgjengeleg i Voss herad sitt planregister:
arealplaner.no | 2025002 > Beskrivelse
Oppstartsvarsel – høyring av forslag til endring av gjeldande detaljreguleringsplan for Tråstølen (PDF, 248 kB)