Varsel om oppstart av planarbeid - privat detaljreguleringsplan for Oftedalsgården - planid 2024003
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for eigedomane gnr/bnr 255/119, 255/118, 255/201 og delar av 255/1 og 44/29, i Voss herad. Det vert også varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale jf. plan – og bygningslova §17-4. HLM Arkitektur AS er plankonsulent og skal utarbeida planen på vegne av tiltakshavar Oftedal Vekst AS.
Sist endra 02.04.2024 15.24
Føremålet er å tilretteleggja for utvikling av bakgarden for Uttrågata 32 og 34 med nye areal for parkering, kontor/tenesteyting/forretning og bustader, samt utviklingsmogelegheiter for Uttrågata 32 og 34 med påbygg av ein ekstra etasje.
Innspel og merknadar til planarbeidet må sendast innan 3. mai 2024 til:
HLM Arkitektur AS, Stallgata 7, 5700 Voss eller på e-post til: ovsthus@hlm.no
Meir informasjon finn de i varslingsbrev med vedlegg jf. lenker under:
Varslingsbrev_Oftedalsgården–oppstart av detaljreguleringsplan (PDF, 2 MB)
Vedlegg 1_Planinitiativ (PDF, 5 MB)
Vedlegg 2_Notat frå oppstartsmøte_06.03.24 (PDF, 707 kB)
Vedlegg 3_Planavgrensning (PDF, 832 kB)
Vedlegg 4_Situasjonsplan (PDF, 2 MB)
Vedlegg 5_Snitt (PDF, 804 kB)
Vedlegg 6_Plan 1- etasje (PDF, 638 kB)
Vedlegg 7_Kart (PDF, 7 MB)