Varsel om vegstenging KV 1224 Rongavegen

Frå måndag 4. september vil Rongavegen verta stengt for all gjennomkøyring i ca 1 mnd på strekninga frå kryss Øvstedalen og til Tveitagrovi.

Voss herad held på med oppgradering og  breiddeutviding av Rongavegen mellom kryss Øvstedalen og til forbi Tveitagrovi (KV 1224 S1D1 m1870 -  KV 1224 S1D1 m2362).  Det skal også verta lagt ned ny kommunal vassledning på strekninga, samt auka kapasiteten i kulverten under vegen for Tveitagrovi.  

Arbeidet vert utført i eigen regi av Voss herad. Arbeidet vart starta opp sommaren 2023 med hogst av sideareal samt avdekking og tilrettelegging av veganlegget.   

Frå måndag 4. september vil vegen verta stengt for all gjennomkøyring frå kryss Øvstedalen og til Tveitagrovi. Det vil utført sprenging på traseen i veke 37. Dette arbeidet vil verta varsla nærara til bebuarar i området.  Vegen vert forventa opna opp igjen 22. desember 2023

For meir informasjon kontakt Voss herad ved Steinar Een, mob 95262065 .

 

Eit bilete som inneheld kart, tekst, grunnpilarAutomatisk generert skildring