Varsling – oppstart av reguleringsplanarbeid E16 Åsbrekke – Skromle bru.

Føremålet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga, gjennom breiddeutviding og forsterka midt- og kantoppmerking.

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3, 12-8 og 3-7  vert det varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid for E16, strekninga Åsbrekkegjelet – Skromle bru. Statens vegvesen står bak planarbeidet, og ber om innspel innan 26.05.2021 til firmapost@vegvesen.no eller vanleg post til Statens vegvesen, Pb. 1010, Nordre Ål, 2605 Lillehammer. Innspel må merkast med E16 Åsbrekke-Skromle bru.

Meir informasjon om prosjektet, kontaktinformasjon til prosjektleiar, og informasjon om ope møte finn de i vedlagte varslingsbrev.

Varsel om oppstart av planarbeid for E16 Åsbrekkgjelet - Skromle bru (PDF, 943 kB).

Planområde E16 Åsbrekkgjelet - Skromle bru (PDF, 2 MB)