Alle tal i økonomiplan er i 1 000 kr. Alle inntekter er vist med minusforteikn og utgifter med plussforteikn. Beløpet “- 658 500” viser ei inntekt på 658,5 mill.kr. Endringar i løyvingar på tenesteområde vert vist som økonomiplantiltak eller som ei opp- eller nedjustering i tabellar i tertialrapportar. Det vil seie at dersom det står eit beløp i eit økonomiplantiltak på 5 000, så er dette ei auka løyving på 5 mill.kr.
Talbudsjettet er også framstilt i ulike kategoriar av inntekter og utgifter. Grupperinga er gjort ut i frå kva type utgift eller inntekt det er og heng saman med strukturen av kontoserien i Kostra. Sjå under for meir forklaring av kontoplan. For tenesteområda vert desse kategoriane nytta:
Kategori | Kva inngår? | Artsserie |
Løn | Alle lønsartar til fastløn, variabel løn, godtgjersle, vikarutgifter, sosiale utgifter (pensjon og arbeidsgjevaravgift) og refusjon sjukeløn | 10100-10999 + 17100 |
Kjøp av varer og tenester som inngår i kommunal eigenproduksjon | Driftsutgifter, varer og tenester som heradet kjøper inn frå andre. Det kan vera driftsmateriell, inventar, lisensar, kursutgifter, konsulent, husleige, straum, vedlikehald, brøyting, innleige og IT-utstyr. | 11000-12999 |
Kjøp av varer og tenester som erstattar i kommunal eigenproduksjon | Driftsutgifter til tenester som heradet kjøper frå andre som ikkje inngår i eigne tenester. Det kan vera kjøp av tenester frå stat, fylke, andre kommunar eller private, BPA (brukarstyrt personleg assistent) som vert tilbydd av privat aktør, driftstilskot til private barnehagar, driftstilskot til legar og fysioterapeutar. | 13000-13999 |
Overføringsutgifter | Overføringar som heradet gjev til andre aktørar. Det omfattar bl.a. sosial stønad, tilskot innan kultur, overføring til kommunalt føretak, overføring til kyrkja og momsutgifter. | 14000-14999 |
Finansutgifter | Finansutgifter som renter, avdrag, avskriving, avsetting til fond og tapsføring | 15000-15999 |
Salsinntekter | Inntekter frå brukarbetaling og sal. Dette omfattar bl.a. brukarbetaling for institusjonsplass, barnehage, gebyr innan teknisk, billettsal innan kultur, kommunale avgifter og sal av konsesjonskraft | 16000-16999 |
Refusjonar | Inntekter som vert refundert frå andre aktørar. Omfattar bl.a. refusjon frå staten, fylket og andre kommunar, refusjon for ressurskrevjande tenester og refundert moms. | 17000-17999 |
Overføringsinntekt | Overføringar og driftstilskot frå andre til heradet. Dette omfattar rammetilskot og inntektsutjamning frå staten, integreringstilskot, skatt på inntekt og formue, eigedomsskatt og naturskatt/-avgifter | 18000-18999 |
Finansinntekt og finansieringstransaksjonar | Inntekter innan finans, som renteinntekter, motteke avdrag på utlån, utbyte, bruk av fond og motpost avskrivingar. | 19000-19999 |
Heradsstyret vedtek som regel løyvingar og endringar i desse etter prinsipp om rammestyring. Det vil seie at dei vedtek budsjett med netto rammer for eit heilt tenesteområde, som til dømes grunnskule. Rådmannen har mynde til å fordela beløp ned på detaljerte postar og avdelingar. Budsjettrammer og endringar i desse vert framstilt i ulike oppstillingar, forskriftsskjema, for drift og investering.
Kontoplan og konteringsdimensjonar
Kva er ein kontostreng?
Ved budsjettering vert alle beløp lagt på ein kontostreng. Ein kontostreng inneheld fleire dimensjonar, der kvar av desse er ulike talkodar som seier noko om kva, av kven og kor pengane vert nytta.
I konteringsstrengen nedanfor er kvar boks ein konteringsdimensjon:
Konto 10100 | Ansvar 2000 | Funksjon 202 | Prosjekt 2027 |
Konteringsdimensjonane
- Konto: Kontokoden fortel kva pengane skal brukast på – om det er løn, kontormateriell, inntekter osv.
- Ansvar: Ansvaret fortel kven i organisasjonen som skal nytta pengane. Ansvaret er ein del av kommunen sin organisasjonsstruktur, og gjeld ei konkret eining i kommunen.
- Funksjon: Funksjonen (nokon gonger omtala som tenesta) skal sei noko om føremålet med beløpet – om det går til politisk styring, barnehage, grunnskule eller noko anna.
- Prosjekt: Gjeld konkrete prosjekt, og vert ikkje nytta i ordinær drift. Me må ha prosjektnummer i investeringsbudsjettet, men kan også ha dette i drift.
Dimensjonane konto og funksjon er tett knytt til kommunen si rapportering til staten, KOSTRA (KOmmune STat RApportering).
Døme: konto 10100. Fyrste siffer fortel om det er drift eller investering, der 0 er investering og 1 er drift. Dei tre neste fortel kva pengane skal nyttast til, art. Det siste sifferet vert nytta til å skilje meir enn Kostraart på kva inntekt eller utgift det er. Dømet 10100 er ein driftskonto for fastlønn (010 = KOSTRA-art for fastlønn).
KOSTRA
KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal verksemd. I systemet ligg retningslinjer for korleis utgifter og inntekter skal registrerast og delast inn i funksjonar og artar. Funksjonar er ei kategorisering av kva teneste det er, medan art er kategorisering av kva type inntekt og utgift det der. Ved å ha lik inndeling på art og funksjon mellom kommunar gjev dette moglegheit til å samanlikna ressursbruk, dekningsgrad og prioritering mellom kommunar.
Staten lagar kvart år rettleiar for korleis utgifter og inntekter skal registrerast. Her er rettleiarar for ulike år som gjev meir grundige forklaringar: Rettleiar KOSTRA.