Rådmannen lagar eit framlegg til årsbudsjett og økonomiplan for Formannskapet. Formannskapet er dei som innstiller. Deira innstilling til heradsstyret kan innehalde fleire alternative framlegg. Endeleg vedtak om årsbudsjett og økonomiplan skal vera eitt vedtak.
Heradsstyret sitt budsjettvedtak er bindande for underordna organ, og heradsstyret kan soleis ikkje delegera mynde til å gjera endringar i det formelle budsjettet. I praksis har likevel underordna folkevalde organ og kommunedirektøren eit visst handlingsrom for omdisponeringar. Dette gjeld først og fremst innan driftsbudsjettet, som blir fastsett med nettorammer per tenesteområde. Nettoramme vil seie eit samla beløp av inntekter og utgifter for eit område. Det gjeld i noko mindre grad for investeringsbudsjettet som blir fastsett med brutto utgift, altså den totale kostnaden utan inntekter som t.d. tilskot og momrefusjon.
Kommunelova pålegg formannskapet ei plikt til å fremja forslag om årsbudsjett og økonomiplan. Lova opnar likevel for at formannskapet kan fremja fleire alternative framlegg dersom ingen av alternativa har fleirtal i formannskapet. Innstillinga omfattar då dei alternative forslaga.
Ved heradsstyret si handsaming av årsbudsjett og økonomiplan gjeld særskilte reglar om røystegjeving (kommunelova § 11-9, tredje ledd). Ved den endelege avrøystinga skal medlemmene røyste over forslaget til økonomiplan eller årsbudsjett som heilskap. Dersom det er fremja fleire alternative forslag, og ingen av desse får fleirtal ved første gongs avrøysting, skal det deretter røystast over berre dei to forslaga som fekk flest røyster ved første gongs avrøysting. Vedtak om årsbudsjett og økonomiplan skal altså til slutt vera eitt vedtak, og voteringa skal sikra at eitt av forslaga vert vedteke.
Kommunelova seier ikkje noko eksplisitt om årsbudsjett og økonomiplanar som inneheld ei rullering av kommuneplanen si handlingsdel. Det står heller ikkje noko om når klimabudsjettet inngår i ein samla handlings- og økonomiplan. Rådmannen forstår lovverket slik at det er høve til å handsama separate forslag til endringar i både handlingsplanen og klimabudsjettet så lenge forslaga kan vedtakast utan at dei påverkar årsbudsjett og/eller økonomiplanen. Rådmannen vil likevel tilrå at eventuelle forslag til endringar av årsbudsjett, økonomiplan, handlingsplan og klimabudsjett vert samla og fremja som eitt forslag til handlings- og økonomiplan.