Kva er økonomiplan og korleis lesa den?

Her finn du informasjon om kva ein økonomiplan er og rettleiing på korleis lesa den. 

Kva er økonomiplan?

Det er lovfesta at kommunane i Noreg skal ha ein økonomiplan som viser korleis langsiktige utfordringar, mål og strategiar i kommunale og regionale planar skal følgast opp. Økonomiplanen er også handlingsdelen av kommuneplanen sin samfunnsdel. Planen skal visa heradsstyret sine prioriteringar og løyvingar og dei måla og premissa som økonomiplanen byggjer på. Planen skal omfatta heile verksemda til heradet, vere realistisk, fullstendig og oversiktleg. Kravet om at økonomiplanen skal vere realistisk er eit rettsleg krav, og økonomiplanen kan vurderast for lovlegheitskontroll. Dette er meint å vera eit tryggleiksnett ved uansvarleg eller overoptimistisk planlegging, særleg når det gjeld inntektsanslag.

Den gir altså eit hovudoversyn over det økonomiske handlingsrommet i planperioden. Den syner dei sentrale rammeføresetnadene på inntekts- og utgiftsida (Sentrale kapittel). Her finn ein oversikt over dei overordna økonomiske disposisjonane og hovudelementa i drifts- og investeringsbudsjettet, overordna mål og klimabudsjettet. Vidare gir planen oversyn over viktige lokale utviklingstrekk med relevans for drift og investeringar (Tenesteområde). Dei meir detaljerte opplysingane om innhaldet i budsjett, økonomiplanen og kommuneplanen si handlingsdel, finn ein i omtalen av dei ulike tenesteområda.

Når økonomiplanen no skal reviderast er det gjort ei vurdering av rammevilkåra som:
• Skatt og rammetilskot
• Renter/avdrag
• Avgifter
• Eigedomsskatt
• Kraftinntekter
• Endringsbehov i tenesteområda

Årsbudsjettet og økonomiplanen skal vera inndelt i ein driftsdel og ein investeringsdel. Løyvingane til dei enkelte budsjettområda i økonomiplanen si drifts- og investeringsdel er sett opp som fastsett i økonomireglementet. Dette blir presentert i ulike forskriftskjema under Budsjettvedtak.

Økonomiplan for komande år byggjer på rammene frå førre års økonomiplan og årsbudsjett. Det vil seie at mykje av budsjettpostar og rammer vert vidareført. I tillegg er økonomiplan tufta på politiske signal og føringar frå strategisamling i finansråd i februar/mars og retningsgjevande økonomiplan som vert handsama i juni. 

Korleis lesa økonomiplanen?

Økonomiplanen inneheld ein tekst som skal vera med å svara ut kva som er utfordringane i perioden og korleis dei skal møtast.

I budsjettvedtaket finn du rådmannen sitt framlegg til verbalvedtak og fordeling av midlar. Fordeling av midlar vedteke på nivået til dei ulike forskriftsskjemaene ligg under budsjettvedtak. Det vil seie med budsjettrammer for tenesteområde innan drift og investering. Rammestyring er difor eit viktig prinsipp som ligg til grunn. Dersom det er prinsipielle endringar i tenestene som det skal løyvast eller fjernast midlar til så er dette synleggjort som økonomiplantiltak under rammeoversikta til aktuelle tenesteområde. Økonomiplantiltak frå tidlegare økonomiplaner vert vist med endringseffekten, altså endringa frå gjeldande år til neste. Dersom eit tiltak med ekstraløyving er ettårig, så vil det neste år stå beløp i minus då ekstraløyvinga vert teke vekk. 

Alle tal i økonomiplan er i 1 000 kr. Det vil seie at dersom det står eit beløp i eit økonomiplantiltak på 5 000, så er dette ei auka løyving på 5 mill. kr (i forhold til budsjett 2024). Alle inntekter er vist med minusforteikn og utgifter med plussforteikn. Beløpet “-658 500” viser ei inntekt på 658,5 mill.kr.

Talbudsjettet er også framstilt i ulike kategoriar av inntekter og utgifter. Grupperinga er gjort ut i frå kva type utgift eller inntekt det er og heng saman med strukturen av kontoserien i Kostra. For tenesteområda vert desse kategoriane nytta: 

KategoriKva inngår?ArtsserieNivå 2026 budsjett
LønAlle lønsartar til fastløn, variabel løn, godtgjersle, vikarutgifter, sosiale utgifter (pensjon og arbeidsgjevaravgift) og refusjon sjukeløn10100-10999 + 171001 293 mill.kr + 30 mill.kr i refusjon sjukeløn
Kjøp av varer og tenester som inngår i kommunal eigenproduksjonDriftsutgifter, varer og tenester som heradet kjøper inn frå andre. Det kan vera driftsmateriell, inventar, lisensar, kursutgifter, konsulent, husleige, straum, vedlikehald, brøyting, innleige og IT-utstyr.11000-12999327 mill.kr
Kjøp av varer og tenester som erstattar i kommunal eigenproduksjonDriftsutgifter til tenester som heradet kjøper frå andre som ikkje inngår i eigne tenester. Det kan vera kjøp av tenester frå stat, fylke, andre kommunar eller private, BPA (brukarstyrt personleg assistent) som vert tilbydd av privat aktør, driftstilskot til private barnehagar, driftstilskot til legar og fysioterapeutar.13000-13999243 mill.kr
OverføringsutgifterOverføringar som heradet gjev til andre aktørar. Det omfattar bl.a sosial stønad, tilskot innan kultur, overføring til kommunalt føretak, overføring til kyrkja og momsutgifter.14000-14999147 mill.kr
FinansutgifterFinansutgifter som renter, avdrag, avskriving, avsetting til fond og tapsføring15000-15999229 mill.kr
Sals- og brukarinntekterInntekter frå brukarbetaling og sal. Dette omfattar bl.a brukarbetaling for institusjonsplass, barnehage, gebyr innan teknisk, billettsal innan kultur, kommunale avgifter og sal av konsesjonskraft16000-16999244 mill.kr
RefusjonarInntekter som vert refundert frå andre aktørar. Omfattar bl.a refusjon frå staten, fylket og andre kommunar, refusjon for ressurskrevjande tenester og refundert moms.17000-17999191 mill.kr
OverføringsinntektOverføringar og driftstilskot frå andre til heradet. Dette omfattar rammetilskot og inntektsutjamning frå staten, integreringstilskot, skatt på inntekt og formue, eigedomsskatt og naturskatt/-avgifter18000-189991 615 mill.kr
Finansinntekt og finansieringstransaksjonarInntekter innan finans, som renteinntekter, motteke avdrag på utlån, utbyte, bruk av fond og motpost avskrivingar.19000-19999153 mill.kr

 

Korleis finna fram?

Rådmannen sitt budsjettframlegg vert publisert som eit webdokument og kan lesast på alle digitale einingar.

Når du kjem inn i websida vil du sjå hovudsida med fleire menypunkt nedover sida. Trykker du på meny oppe til høgre får du opp alle hovudkapitla i økonomiplanen. For å koma tilbake til framsida kan du klikka på menyen til venstre. 

  • I økonomiplanen finn du sentrale kapittel som gjeld for heile Voss herad og eit kapittel per tenesteområde. 
  • Når du klikkar deg inn på eit av kapitla vil du sjå innhald og kan navigera ved å trykka på dei ulike punkta i menyen til venstre.    
  • Bak tenesteområda vil du sjå ei hake som du kan trykke på. Du får da opp dei andre tenesteområda slik at du kan navigera deg dit.
  • Sist ser du ei liste over innhald slik at du lettare kan navigere deg på sida.
  • Tiltaka i økonomiplanen finn du i tabellar som heiter Rammeoversikt. Tidlegare vedteke tiltak er tiltak som vart vedteke i ein tidlegare økonomiplan og som har effekt inn i denne økonomiplanen. Tiltak som gjev auka løving i budsjettet ligg med plussforteikn. Tiltak som er ei redusert løyving frå året før ligg med negativt forteikn. Nye tiltak og omstillings- og effektiviseringstiltak er tiltak som er inkludert i økonomiplanen og som er ein del av forslaget.
  • Investeringstiltak ligg i eigne tabellar. Du finn desse i menypunktet til venstre eller ved å bla vidare frå rammeoversikt. 

Hald musepeikaren over tittel på tiltak eller klikk deg inn på tittelen for å få opp tiltaksteksten.