Bustadsosial handlingsplan 2023-2027 skildrar korleis heradet skal førebygga at innbyggjarar får problem i høve bustad. Alle innbyggjarar skal kunne skaffa seg og behalda ein eigna bustad. Innbyggjarar som ikkje er i stand til å skaffa bustad sjølv skal få eit heilskapleg og tilpassa butilbod slik at dei vert i stand til å meistra eigen busituasjon.
Målgruppa for handlingsplanen er vanskelegstilte på bustadmarknaden som:
- er utan bustad (bustadlaus)
- står i fare for å miste bustad
- bur i ueigna bustad eller bumiljø
Planen vart vedteke våren 2023. Dokumenta finn du her:
Bustadsosial handlingsplan (PDF, 3 MB)
Analysevedlegg (PDF, 3 MB)
Kunnskapsgrunnlag (PDF, 2 MB)
Mål og tiltaksliste (PDF, 208 kB)
Satsingsområda
- Ingen i Voss herad skal vera bustadlaus.
- Voss herad skal ha tilgjengelege og gode bustadar.
- Voss herad skal jobba for at fleire kan bu i eigd bustad.
- Voss herad skal auka tverrsektorielt samarbeid for heilskapleg oppfylging av bebuarar.