Bustadsosial handlingsplan

Saman om å bu trygt og godt i Voss herad

Bustadsosial handlingsplan 2023-2027 skildrar korleis heradet skal førebygga at innbyggjarar får problem i høve bustad. Alle innbyggjarar skal kunne skaffa seg og behalda ein eigna bustad. Innbyggjarar som ikkje er i stand til å skaffa bustad sjølv skal få eit heilskapleg og tilpassa butilbod slik at dei vert i stand til å meistra eigen busituasjon. 

Målgruppa for handlingsplanen er vanskelegstilte på bustadmarknaden som:

  • er utan bustad (bustadlaus)
  • står i fare for å miste bustad
  • bur i ueigna bustad eller bumiljø

Planen vart vedteke våren 2023. Dokumenta finn du her:

Bustadsosial handlingsplan (PDF, 3 MB)

Analysevedlegg (PDF, 3 MB)

Kunnskapsgrunnlag (PDF, 2 MB)

Mål og tiltaksliste (PDF, 208 kB)

Satsingsområda

  1. Ingen i Voss herad skal vera bustadlaus.
  2. Voss herad skal ha tilgjengelege og gode bustadar.
  3. Voss herad skal jobba for at fleire kan bu i eigd bustad.
  4. Voss herad skal auka tverrsektorielt samarbeid for heilskapleg oppfylging av bebuarar.