Eit samordna tenestetilbod som fremjar ei heilskapleg tilnærming

I hovudmålet står det at planen skal bidra til eit samordna tenestetilbod og fremja ei heilskapleg tilnærming…] Det vart nytta workshop som metode for å arbeide fram moglege løysingar. 

Før arbeidet i workshopane starta fekk ein innspel frå ungdom og foreldre. Foreldre fekk høve til å delta i ei digital undersøking og det vart gjennomført samtalar med ei gruppe ungdommar. Begge gruppene skulle på bakgrunn av eigne erfaringar, sei noko om korleis dei ynskjer at tenestene fungerer.  Det vart gjennomført tre workshopar med følgjande tema: 

Kvar er me i dag?  

Einingane hadde på førehand laga flytkart som syner korleis tenestene er organisert og kva «veg» brukarene føl frå dei kjem i kontakt med eininga, til kontakta vert avslutta. Totalt var det vist 16 ulike flytkart. 

 

Korleis skal tenestene våre sjå ut i framtida? 

Deltakarane fekk tilgang til innspel frå ungdom og foreldre. Dei fekk også informasjon om statlege føringar, samt utfordringar me ser i høve bemanning.  Ut frå tilgjengeleg kunnskap og eine erfaringar arbeida deltakarane fram forslag til kva som kan bidra til at me når måla i planen og korleis dei ynskjer at barn og unge skal oppleve morgondagens tenester.  

 

Korleis skal me lukkast?

Innspela frå 2. workshop vart samla inn og resulterte i sju ulike punkt som gjekk igjen:

  • Barnet og familien i sentrum ​
  • Lågterskel og tidleg innsats   ​
  • «Ei dør inn» ​
  • Kartlegging ​
  • Felles inntaks- / konsultasjonsteam ​
  • Flyt, samhandling og samarbeid​
  • Kjennskap, kommunikasjon og informasjon

 

I den 3. og siste workshopen fekk deltakarane i oppdrag å vere meir konkrete. Kva strukturar, rutinar eller andre endringar må på plass for at ein skal nå måla. Barnet og familien i sentrum og Lågterskel og tidleg innsats, skulle deltakarane tenkje på, uavhengig av kva tema dei arbeide med.  

 

Resultatet 

Arbeidet resulterte i fire konkrete tiltak som vart levert rådmannen si leiargruppe, som skal ta arbeidet vidare. 

  • BTI som samarbeidsverktøy 
  • Fleire tiltak for å auka kjennskapen og samarbeidet mellom dei ulike tenestene
  • Koordineringsteam (auka samarbeid mellom støttetenestene)
  • “Familiehjelpa”, ei ny avdeling med tilsette som gjev tiltak direkte mot barnet eller inn i familien