Oppstarten byrja med medverknad

Arbeidet med kommunedelplan - Tidleg innsats og livsmeistring er delt inn i tre ulike prosessar.  Det fyrste me gjekk i gang med var medverknad for barn, foreldre, tilsette og andre aktuelle. 

Medverknad gjennom idédugnad 

Målet var å få innspel til planen, frå dei som til dagleg jobbar med barn, unge og forelder i heradet. Deltakarene har vore tilsette i heradet, fylkeskommunalt tilsette, frivillige og politisk valte. Gjennom idéduganaden fekk me inn mange innspel. Det er kome 368 utfordringar, 432 innspel til satsingsområde, 188 tema søm bør belysast og 124 “andre innspel” til planen.  

 

Foreldreundersøking 

I mars 2023 vart det gjennomført digital forelderundersøking, der målet var å få informasjon om kva som er viktig fore foreldre i 2023. Overskriftene var kva er utfordrande, kva er foreldre opptatt av og kva kan tenkjer dei kan styrke dei i foreldrerolla. 616 foreldre deltok. 

 

Medverknad for barn og unge 

Som Vossaklima vart det nytta ferdig opplegg som kunne takast i bruk i barnehagane og skulane. Det var relativt få som nytta seg av tilbodet, men ved å sjå til prosessen som vart gjort i forbindelse med Vossaklima er svara samanfallande. 

Et bilde som inneholder tekst, skjermbilde, Font, designAutomatisk generert beskrivelse
Innspel frå barn og unge

 

 

Her kan du lese heile rapporten etter den fyrste medverkandsprosessen (PDF, 364 kB)