Kunnskapsgrunnlag og oppsummering frå medverknadsaktivitetane
Her finn du oversikt over kunnskapsgrunnlaget planarbeidet er bygd på, samt oppsummering frå ulike medverknadsaktivitetar.
Sist endra 14.03.2025 14.37
Kunnskapsgrunnlaget
Kunnskapsgrunnlaget gjev oversikt over nasjonale og regionale føringar, status, viktige utviklingstrekk og utfordringar for Voss herad. Dokumentet vil verta lagt til grunn i arbeidet med kommunal planstrategi 2024 – 2027 og anna relevant planarbeid i kommunen i åra som kjem.
Kunnskapsgrunnlag Planstrategi 2024–2027
Oppsummeringar frå ulike medverknadsaktivitetar:
- Rapport frå Utopiaverkstad for barn og unge – SJUKT BRA BYGD! (PDF, 3 MB)
- Februar 2025 vart born og unge invitert til to Utopiaverkstader med tittelen SJUKT BRA BYGD! Her kan du lesa kva borna og ungdommane tenkjer om verdiar, superkrefter, kva dei ville gjort viss dei kunna trylla - og kva konkrete forslag dei har for framtidig utvikling av heradet.
- Rapport frå debatt – «Bygd for turistar» (PDF, 347 kB)
- Her kan du lesa oppsummering frå debatten «Bygd for turistar» som gjekk av stabelen onsdag 26. februar. Om lag 70 innbyggjarar hadde tatt vegen til biblioteket denne kvelden.
- Rapport frå IdéCamp Energi 2025 (PDF, 2 MB)
- Her kan du sjå resultatet frå Idécamp Energi 2025. I overkant av femti personar deltok i diskusjonar om kva framtid me ser for oss på områda transport, sirkulærøkonomi, berekraftig næringsutvikling, energieffektivisering og kraftproduksjon.