I fylgje eigedomsskattelova § 8 A-3 (2) skal det vere ei allmenn taksering i heradet kvart tiande år.
Eigedomsskatt er ein skatt som kommunar kan vedta å innføra med heimel i Eigedomsskattelova. Dette er den einaste skatten som i sin heilskap går til kommunen, og som kommunen sjølv har full styring med. Heradsstyret i Voss har vedteke å skriva ut eigedomsskatt på fast eigedom, jf. eigedomsskattelova § 3 a For bustadeigedomar har heradet vedteke å nytta bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten som grunnlag for fastsetting av skatten. Sidan Skatteetaten ikkje har bustadverdi for alle bustader, må heradet taksera dei resterande bustadane. Også eigedommar som fritidseigedomar, landbrukseigedomar og næringseigedomar vert taksert.
Dersom du lurer på kva du har betalt i eigedomsskatt tidlegare, så vil du enkelt finna svaret på gamle fakturaer for eigedomsskatt og kommunale avgifter frå Voss herad. Hugs at Voss herad fakturer eigedomsskatt og kommunale avgifter 3 gonger pr år. Summen du finn på fakturaen må du difor multiplisera med 3 for å finna årsbeløpet.
Om du ikkje har ein gamal faktura liggande, så kan du logga deg inn på mi side på heimesida til heradet.
Gå in på «Min Eigedom» og vel eigedommen det gjeld. Klikk deretter på «Eigedomsgebyr».
For eigedomen i eksempelet under var årleg eigedomsskatt for 2020 kr 5 765 (1 921,67 x 3)
Takst på eigedommen for 2020 var kr 1 441 300
Skattetaksten var 4 promille

Post levert i Altinn som ikkje vert opna innan 48 timar vert automatisk printa ut på papir og sendt deg i brevform.
Det løyser seg altså automatisk. Du treng ikkje ta kontakt med oss.
Eigedomsskatten er ei viktig inntektskjelde for kommunen. Den vert nytta til å utøva det samfunnsoppdraget som kommunen har, ved å tilby kommunale tenester og oppretthalda infrastruktur. Dette kan vera alt frå heimetenester, brøyting og vedlikehald av vegar, beredskap innan brann og flaum, og legevakttenester.
Det skal gjennomførast ny taksering av alle eigedommar kvart 10. år. Dette fylgjer av Eigedomsskattelova § 8 A-3 (2), og vert gjort for å fanga opp verdiendringar som har oppstått. For bustadeigedommar har heradet valt å nytta Skatteetaten sine tal for bustadverdi der dette føreligg.
Det er sakkunnig nemnd (politisk vald) som har ansvaret for takseringsarbeidet. Nemnda har vedtatt retningslinjer for taksering og taksering vert utført i samsvar med desse. For dei fleste bustader vert det henta tal for bustadverdi direkte frå Skatteetaten. For andre eigedommar er taksering gjort ved utvending synfaring av ekstern takstmann. Sakkunnig nemnd har deretter vedtatt takstane.
Link til rammer og retningsliner (PDF, 247 kB)
Ved taksering vert både indre og ytre forhold til eigedommen vurdert, opparbeiding, tilstand på bygningar, plassering og kjend omsetnad for tilsvarande objekt i nærområdet. Taksering er gjort ved utvending synfaring.
Taksten byggjer på faktaopplysningar og skjønsmessige vurderingar av din eigedom.
Skjønsmessige vurderingar tek opp forhold som påverkar verdien, og desse forholda vert fanga opp ved ei utvendig synfaring av kvar enkelt eigedom. Dersom arealet på bygningar manglar, vil synfarar finne det ved å måle opp bygget utvendig.
Faktaopplysningar som eigar, adresse, bruksareal på bygningar og tomteareal, vert henta frå eigedomsregisteret kalla Matrikkelen. Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over all fast eigedom med bygningar, bustad, adresser og heimelshavarar/eigarar. Informasjon om areal på bygningar i Matrikkelen er oppgjeve i bruksareal (BRA). Bruksarealet for ein bygning er summen av alle rom (medrekna innvegar), innanfor ytterveggar i alle etasjar og uavhengig av bruken.
Takstane vert offentleggjort innan 1. mars. Lister vert lagt ut i Servicetorget på Tinghuset, samt på heradet si heimeside.
Bustadverdien er Skatteetaten sin estimerte marknadsverdi av bustaden din. Bustadverdien finn du i skattemeldinga under forklaringa til post 4.3.2 Bustadopplysningar. Husk å legga saman bustadverdiane dersom det er fleire som eig bustaden saman.
Bustadverdien er Skatteetaten sitt overslag over bustaden sin marknadsverdi, berekna ut frå areal, byggjeår, bustadtype, plassering og opplysingar om omsette bustader i kommunen. Det er bustadverdien som er grunnlaget for eigedomsskatten, og ikkje den skattemessige formuesverdi som for primærbustadar er satt til 25 % av bustadverdien og for sekundærbustadar er satt til 90 % av bustadverdien.
Eigedomsskatten vert rekna ut frå 100 % av bustadverdien, og deretter redusert med 30 % (multiplisert med 0,7). Eigedomsskatten for 2024 vert berekna ut frå bustadverdien i skattemeldinga for 2022. Bustadverdien vert ikkje påverka av om bustaden din er primær- eller sekundærbustad. Det betyr at det heller ikkje påverkar eigedomsskatten.
For 2024 er skattesatsen 7 promille for næringseigedomar, og 2,1 promille for bustad og fritidsbustadeigedomar. Heradsstyret skal vedta promillesats kvart år i samband med vedtak av budsjett.
Eigedomskatten vert rekna ut frå taksten på eigedomen. Taksten skal spegla marknadsverdien slik det står i eigedomsskattelova:
§ 8A-2: «Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp en må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.»
Taksten vert så multiplisert med skattesatsen.
For 2024 er skattesatsen 7 promille for næringseigedomar, og 2,1 promille for bustad og fritidsbustadeigedomar. Kommunestyret skal vedta promillesats kvart år i samband med vedtak av budsjett. For bustader og fritidsbustader vert det gitt eit standard fråtrekk på 30 % av takst.
Eksempel bustad | |
Bustadverdi/takst | 4 000 000 |
Skattegrunnlag 70% (4.000.000kr * 0,7) | 2 800 000 |
Eigedomsskatt for 2024 (2.800.000kr * 0,0021) | 5 880 |
Eksempel fritidsbustad | |
Takst fritidsbustad | 4 000 000 |
Skattegrunnlag 70% (4.000.000kr * 0,7) | 2 800 000 |
Eigedomsskatt for 2024 (2.800.000kr * 0,0021) | 5 880 |
Eksempel landbruk | |
Takst våningshus | 4 000 000 |
Skattegrunnlag 70% (4.000.000kr * 0,7) | 2 800 000 |
Rabatt landbruk - konsesjonspliktig (2.800.000 kr *0,6) | 1 680 000 |
Eigedomsskatt for 2024 (1.680.000kr * 0,0021) | 3 528 |
Eksempel næring | |
Takst næringseigedom | 4 000 000 |
Eigedomsskatt for 2024 (2.800.000kr * 0,007) | 28 000 |
På Voss herad si heimeside vil du raskt finna mykje god informasjon og svar på dei vanlegaste spørsmåla om eigedomsskatt i Voss herad.
Telefonnummer ved eigedomsskattespørsmål: 98 81 67 30
E-post ved eigedomsskattespørsmål: eigedomsskatt@voss.herad.no
Du kan klaga på:
- Feil i areal
- Feil ved rettsanvending
- Ueinig i bruken av skjønn
- Saksbehandlingsfeil
- Misbruk av mynde og brot på likskapsprinsippet
- Tildeling av unntak og fritak etter eigedomsskattelova
Voss herad nytter bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten som grunnlag for å berekna eigedomsskatt. Eigedomsskatten for 2024 byggjer på bustadverdi frå inntektsåret 2022. Dersom opplysingane dine om eigedomen er feil, må du ta dette direkte med Skatteetaten. Du kan endra sjølv ved å senda ei endringsmelding til Skatteetaten. Du skal ikkje melda frå til heradet om dette. Dersom Skatteetaten endrar bustadverdien for det aktuelle året, får heradet melding om dette og vil retta eigedomsskatten.
Dersom opplysingane er riktig registrert, men du meiner bustadverdien er for høg i forhold til marknadsverdi, kan du endra bustadverdien dersom visse vilkår er oppfylt. Det er fastsett visse grenser for kor høg bustadverdien kan vera i forhold til reell marknadsverdi. For eigedomsskatt utskriven i 2024 er det grensene for inntektsåret 2022 som er aktuelle:
- For bustader du eig og bur i (primærbustad), kan nedsetting krevjast dersom bustadverdi utgjer meir enn 30 prosent av marknadsverdien.
- For bustad du eig, men ikkje er registrert busett i (sekundærbustad), kan nedsetting krevjast dersom formuesverdien overstig eigendomen sin dokumenterte marknadsverdi.
Du må kunne dokumentera bustaden sin marknadsverdi dersom Skatteetaten etterspør dette.
Bustader utan bustadverdi frå Skatteetaten, samt fritidseigedom, landbrukseigedom og næringseigedom har vorte fastsett av Sakkunnig nemnd.
Dersom du ynskjer å klaga på kommunalt fastsett takst, må du fylla ut elektronisk klageskjema innan fristen. Prøv å gje ei god skildring av kva du meiner er feil. Dersom du har dokumentasjon som underbyggjer klagen, er det fint om du legg denne ved.
Link til elektronisk klageskjema
Klage på takst må vera skriftleg jf. Eigedomsskattelova § 19.
Det er difor ikkje mogleg å klage pr telefon.
Klagefristen er 31. mars 2024
Ja, faktura må betalast sjølv om du har klaga på taksten. Dersom du får medhald i klagen, vil du få tilbakebetalt det som er betalt for mykje.
Det er berre tomter bebygd med bueining som får redusert skattesats på 2,1 promille.
Dersom du har ei bustadtomt eller hyttetomt utan bueining på så vert tomta skatta med den generelle skattesatsen på 7 promille.
Heradsstyret kan gje eigedomar heilt eller delvis fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7 a og b.
Fritak etter 7 a
Det vert gjeve fritak for eigedomar åt stiftingar, institusjonar og organisasjonar som er til gagn for kommunen. Fritak kan ikkje gjevast til organisasjonar som har føremål om å gje utbyte til eigarane. Fritak kan heller ikkje gjevast dersom eigedomane vert nytta til kommersiell aktivitet som vil medføra konkurransevriding.
Fritak etter 7 b
Det vert gjeve fritak for bygningar som har historisk verde. Det vert gjeve fritak for eigedomar med bygningar som står på fylkeskonservatoren si liste over bygningar som er freda etter forskrift. Bygningar som er vurdert som historiske etter Voss herad sin kulturminneplan kan også gjevast fritak for. Vilkåra som må vera til stades for å få fritak er:
- Bygget skal vera autentisk og i god stand
- Kopi av bygg kvalifiserer ikkje til fritak
- Næringsbygg får ikkje fritak av konkurranseomsyn
Det vert gjeve vedtak om fritak for eitt år om gongen, dvs. at ein kan ikkje pårekna at fritaket blir vidareført dersom det vert gjort markerte endringar i t.d. utsjånad, og som dermed reduserer bygningen sin “historiske verde”.
Alle eigarar vil få tilsendt skattesetel. På denne er det informasjon om skattegrunnlaget for din eigedom og kva som må betalast i eigedomsskatt for eigedomen. For alle eigedomar som har vore taksert (fritidsbustader, næring, landbruk og nokre bustader) vil eigar også å få tilsendt «Detaljert takst». Denne kan vera vanskeleg å forstå. Under fylgjer link til forklaring av denne.
Forklaring skattesetel (PDF, 152 kB)
Faktura for 2024 vert sendt ut i 3 terminar, med forfall 20. mars, 20. juni og 20. oktober.
Berre ein av eigarane vil få faktura. Dette er eigaren som står oppført som fakturamottakar hjå oss.
Denne eigaren vil få heile fakturaen på eigedomen.
Berre ein av eigarane vil få tilsendt skattesetel. Dette er den av eigarane som står oppført som fakturamottakar.
Rekninga blir sendt til den som er oppført som eigar av bustaden. Om dette påverkar husleiga er avhengig av kva som går fram av leigekontrakten som er inngått mellom eigaren og leigetakaren.
Du har mottatt grunnlaget som taksten er basert på. Dette er omtalt som detaljert skattesetel. Denne viser grunnlaget som taksten byggjer på.
Det kan påverka taksten, og då må du senda inn klage. Dette gjer du ved å fylla ut elektronisk klageskjema. Gjer greie for dei forholda du ynskjer å få fram, og legg ved dokumentasjon som takst, bilete og anna.
Taksten skal vera realistisk ved sal i ein fri marknad utan heftingar på eigedomen. Dersom du meiner at taksten er for høg kan du senda inn klage. Då vil sakkunnig nemnd vurdera taksten på nytt. Dersom sakkunnig nemnd opprettheld taksten er siste instans sakkunnig klagenemnd. Merk at ein klage ikkje treng å vera til gunst for den som klagar.
Så godt det lar seg gjera, men me har ikkje alltid fullgod informasjon om det er lagt inn vatn og straum. Meiner du at taksten er for høg kan det klagast på at takstmann ikkje har kjent til desse forholda. Taksten vert då vurdert på nytt av sakkunnig nemnd.
Dette er forhold som takstmann ikkje kjenner til. Meiner du at taksten er for høg kan det klagast på at takstmann ikkje har kjent til desse forholda. Taksten vert då vurdert på nytt av sakkunnig nemnd.
Som festar har du påtatt deg alle rettar og plikter som grunneigar vanlegvis sitt med. Det inkluderer også eigedomsskatt
Eigedomsskatten vert skriven ut til den som står som heimelshaver.
Faktura vert sendt til den som står som eigar på fakturadato. Det er diverre ikkje mogleg for oss å dela opp faktura. Dersom eigedomen er seld må faktura på eigedomsskatt gjerast opp mellom noverande og ny eigar. Ta kontakt med meklar, så hjelper dei med dette. Eventuelt kan Voss herad senda heile faktura til ny eigar.