Spørsmål og svar om eigedomsskatt

Her finn du spørsmål og svar om eigedomsskatt generelt og om korleis dette vert gjort for skatteåret 2022. Frå 2021 gjekk Voss herad over til å nytta Skatteetaten sitt formuesgrunnlag for bustader, og det er gjort taksering av fritidsbustader, landbruk, næring og tomter. Dette gjev grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt for 2022.

I fylgje eigedomsskattelova § 8 A-3 (2) skal det vere ei allmenn taksering i heradet kvart tiande år.

Det er Voss heradsstyre som har vedteke at alle eigedomar skal takserast på nytt i løpet av 2020.