Tilskot frå fondet har fylgjande øvre ramme:
Private: 50 000,-
Verksemder, frivillige lag og organisasjonar: 200 000,-
- 50 % av midlane er øyremerka private hushaldingar
- Hushaldingar som har ei samla inntekt som er lågare enn 750 000,- kr per år vil bli prioritert
Eksempel på tiltak ein kan få stønad til er
- Flaum og erosjonssikring
- Montering av tilbakeslagsventil
- Innkjøp av lensepumpe
- Kjøp og installering av luftavfuktar i særskilt utsette flaumområder (innanfor flaumsone Evanger eller Voss)
Søknadsfristen var 1. november 2023.
Les meir om kva ein kunne søkja om i retningslinene for tilskotsordninga (PDF, 128 kB).
Tiltak må setjast i gang innan 1 år etter innvilga søknad og vera sluttført innan 2 år for å ha rett til utbetaling av stønad.
---------------------------------
Det kom inn 32 søknader på ordninga, og 30 av søknadane til “flaumtiltak” oppfylte kriteria til stønadsordninga og fekk tilsagn og stønad.
For utbetaling av stønad må ein sende inn sluttrapport. Skjema for ettersending av vedlegg finn ein her: Lenke til søknadsskjema/ettersending av vedlegg