Det offentlege kommunale vegnettet skal normalt ryddast for snø slik at normalt godt utrusta køyretøy kan ferdast sikkert der dei måtte ha trong for det. Ved vanskelege vêrtilhøve, særleg ved store snøfall og skifte til mildvêr, kan det likevel førekomma vanskelege køyretilhøve og avvik. Som sjåfør vil du alltid vera ansvarleg for at køyretøyet har tilstrekkeleg veggrep etter forholda.
Vinterstid er det viktig å unngå parkering langs kommunale vegar som kan vera til hinder for brøyting og strøing av vegnettet. Ein er sjølv ansvarleg for å rydda snø som ligg igjen i private stikkvegar og avkøyringar etter at den offentlege vegen er gjennombrøytt.
Oversiktskart over dei ulike brøyterodene i Voss herad
Brøyting og strøing i Voss sentrum
Ansvar for brøyting i Voss sentrum er delt mellom Statens Vegvesen, Fylkeskommunen, Voss herad og private grunneigarar. Kartet under syner korleis ansvaret er fordelt.
Politivedtektene for Voss herad regulerere kva ansvar kvar enkelt grunneigar har mot offentleg stad. For eksempel så pliktar eigar av hus eller grunn mot Flat -Vangen å rydde fortau utanfor eigedomen for snø etter snøfall og strø utanfor eigedommen når det er glatt (§17 og §18).
Snø i innkøyringa di?
Me får stundom spørsmål om å fjerna brøytekantar frå private avkøyringar. Har du eigedom langs kommunal veg, vil du få snø inn i avkøyrsla di. Denne snøen må du som huseigar sjølv rydde vekk.
Dersom du ynskjer å melde om manglande vintervedlikehald på kommuanle vegar kan du gjera det her: