Vintervedlikehald av vegar, gang- og sykkelvegar

Det er Voss herad sin brøyteinstruks (PDF, 110 kB)som styrer korleis vegar, gang- og sykkelvegar skal haldast ved like om vinteren. Om du vil melda frå om glatt veg, eller manglande brøyting, kan du gjera det her. 

Me opplever til tider stor pågang frå publikum som ynskjer at vegar, gang- og sykkelvegar skal brøytast eller strøast. 

Dersom du vil melda inn behov for brøyting og strøing, skriv det inn i dette skjemaet. Det er viktig at du er tydeleg på kva strekning/adresse det gjeld, og om det er behov for brøyting eller strøing. Så prøver me å utføra brøyting og strøing så snart me kan. 

Dersom du treng å melda frå i helg eller etter kl 15.30 på kvardagar, ring vakttelefonen til tekniske tenester, 952 62 060

Gjeld det fylkesveg, ring vegtrafikksentralen tlf 175

 

Voss herad har mange vegar å vedlikehalda, og ber om forståing for at det på enkelte dagar med særleg utfordrande vêr, kan ta noko tid å nå over alle vegane våre. 

Om du vil lesa meir om brøyting og strøing, kan du klikka her: Brøyting og strøing