Dispensasjon frå byggjegrense til offentleg veg

Dispensasjon frå byggegrense til offentleg veg er søknadspliktig.

Byggjegrense til senter av kommunal veg er 15 meter, medan byggjegrense til senter av fylkes- og riksveg er 50 meter. I regulerte områder inneheld ofte reguleringsplanen andre byggegrenser mot offentleg veg.  Dersom du ynskjer å byggja tettare på den offentlege vegen må du søkja om dispensasjon frå byggjegrense veg. 

Søknaden vert handsama etter Veglova eller Plan- og bygningslova.  Dersom området er regulert vil alltid ein søknad om dispensasjon frå byggegrense veg verta handsama etter Plan og bygningslova etter uttale frå vegavdelinga. 

Sjå også retningslinjer for avkøyrsel frå kommunal veg  (PDF, 113 kB) som er gjeldande i Voss Herad.

Du kan søkja om dispensasjon frå byggjegrenser på Statens Vegvesen sin søkjeportal for alle offentlege vegar: Dispensasjon fra byggegrenser | Statens vegvesen. Søknad for kommunale vegar vil då verta vidaresendt til Voss Herad for handsaming. 

Du kan også søkja direkte til Voss Herad i dette søknadsskjemaet  (DOC, 58 kB)som sendast til postmottak@voss.herad.no