Skal du grave i, eller i nærleiken av, kommunal veg ?
Alle som skal grave i kommunal veg, og/eller tilhøyrande side- og grøntareal, må søke heradet om løyve. Reglar og retningsliner for graving i offentleg veg finn du nedafor.
Skal du grave i, eller i nærleiken av, fylkes- eller riksveg ?
- Statens vegvesen handtera søknader om arbeidsvarsling, graving og nærføring til riksvegar.
- Fylkeskommunen handtera søknader om graving og nærføring til fylkesvegar. Søknad om arbeidsvarsling på fylkesvegar vert handtert av Statens vegvesen, men eit løyve frå fylkeskommunen om graving eller nærføring må ligge ved søknaden.
Arbeidsvarsling
For å kunne arbeide på kommunal veg må du søke kommunen om arbeidsvarsling. Dette gjeld alt arbeid på kommunal veg, både graving i kommunal veg, oppføring av stillas og utstyr på veg, og anna arbeid utan graving. Den som i søknaden vert opplyst om skal vere ansvarshavande skal ha gjennomført kurs 2 i arbeidsvarsling.
Søknad om graveløyve og/eller arbeidsvarsling
Du kan søkje om graveløyve ved å klikke på “Send søknad om løyve til graving” nedenfor. Ved behov for avklaringar eventuelt synfaring i forkant av søknad eller undervegs for graving, ta kontakt med Vegavdelinga på teknisk.
Send søknad om løyve til graving
Gebyr
Fastsett av Voss heradsstyre den 14.11.2024 er det innført gebyr for graveløyve og arbeidsvarsling på kommunal veg.
Følgjande gebyr gjeld:
Sakstype | Pris per sak eks mva. |
Standard gravesøknad | Kr 4 500 |
Stor/kompleks gravesøknad | Kr 7 200 |
Tillegg: Gjeld mindre endringar, utvida arbeidsperiode m.m | Kr 1 800 |
Heradet sendar faktura til søkjar i den enkelte sak når vedtak om graveløyve er fatta. For vedtak som medfører avslag, vert tiltakshavar belasta med 50 % i forhold til opphavleg gebyr.
For meir info og presiseringar rundt gebyret sjå Gebyrregulativ graveløyve, arbeidsvarsling og kontroll etter leidningsforskrifta (PDF, 83 kB)
Etter arbeid er ferdig
Ferdigmelding skal sendast inn seinast 10 virkedagar etter at gravearbeid er avslutta.
Ferdigmelding skal leverast elektronisk og det skal ligge ved
- bilete
- innmålingsdata
- leggerapport frå asfaltleverandør
- loggbok for arbeidsvarsling