Vossadagen 2024!

Vossadagen er frivilligheita sin dag på Voss. Dette er dagen der frivilligheita riggar seg til med stands og aktivitetar, kom og bli kjend med frivillige organisasjonar og deira aktivitetstilbod. 

Vossadagen 2024 vert arrangert laurdag 7.september 2024 kl. 11-15.

Glimt frå Vossadagen 2023: 

Vossadagen er eit samarbeid mellom Voss herad, Voss sentrum og frivillige lag. Vossadagen er ope for alle frivillige lag og organisasjonar, og det er gratis å delta med stand i Vangsgata, på torget og i Bergsliparken. Vossadagen vart arrangert for fyrste gong i august 2022. Plan er at Vossadagen skal verta eit årleg arrangement fyste laurdag i september.

Kontakt

Kristina Finne
E-post
Telefon 91 14 26 33