Bruk broddar

Mildvêr og regnvêr dei komande dagane vil skapa vanskar. Unngå bratt terreng, bruk broddar og sjå etter at stikkrennene dine er mest mogleg opne.

Det er raudt farevarsel for snøskred og oransje varsel for flaum- og sørpeskred i heradet vårt denne veka. Siste frå meteorologane er at nedbøren vil vera mest intens hjå oss måndag kveld og natt til tysdag.

Voss herad førebur så langt som råd den kommunale infrastrukturen, men det er viktig at vatnet som kjem får renna mest mogleg fritt. Så har du stikkrenner på eigedommen din, sjå til at desse er mest mogleg opne.

Så kjem det til å verta glatt, både på vegen og fortau. Så skal du ut på glatta, bruk broddar. Me vil ikkje at nokon skal ramla og slå seg. Skal du køyra bil er vinterdekk sjølvsagt, men ta det også med ekstra med ro så alle kjem seg fram tryggast mogleg.

Så er skredfaren svært stor, så hald deg unna bratt terreng om du er ute på tur i regnvêret.

Hald deg oppdatert på farevarsla her: Voss - Varsel fra NVE og MET | Varsom.no