Eit aldersvenleg samfunn

Voss herad og eldrerådet inviterte innbyggjarane til ein engasjerande kveld om aldersvenlege samfunn – temakveld Planleggja litt, og nesten 100 innbyggjarar fann vegen til Vossasalen den 25.mai.

Innleiarar var Helsedirektoratet, Husbanken, Voss herad- planavdeling og avdeling for førebygging og rehabilitering, kulturavdelinga – samt Voss næringsråd. Alle innleiarane formidla kunnskap om kva som alt er av planar og tiltak for eit samfunn det er godt å vera eldre i. Det kom fram eit mangfald av synspunkt og idear på kva som skal til for å få eit godt seniorliv på Voss. Innspela er viktige for alle aktørane som har eit felles ansvar.

Oppsummert innspel frå innbyggjarane finn du her (PDF, 210 kB)